Det Norske Teatret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 59°54′54.076″N 10°44′19.036″E

Det Norske Teatret

Det Norske Teatret i Kristian IVs gate i Oslo sentrum Sjå dette på Wikidata
Skipa1912
LandNoreg
Dagleg leiarKjersti Horn
Nettstadhttp://www.detnorsketeatret.no (norsk)
Stortingsgata 16 - teatrets hovudscene frå 1945 til 1985.

Det Norske Teatret er eit teater i Oslo som spelar på nynorsk og norske målføre. Teatret vart skipa 22. november 1912 med Hulda Garborg som styreformann.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Teatret hadde si fyrste framsyning i Kristiansand 2. januar 1913, og la deretter ut på spelferd. Fyrste framsyning i Oslo var 6. oktober 1913 med Jeppe på Berget av Ludvig Holberg, omsett til nynorsk av Arne Garborg. Opninga skjedde med kong Håkon 7. til stades. Framsyningane etterpå var prega av at riksmålsungdomar prøvde å få stogga dei med makt ved å demonstrere i gata utanfor teatret, dei såkalla teaterslaga. Noko av det same hende i 1948, då teatret framførte Peer Gynt i nynorsk omsetjing, med musikk av Harald Sæverud.

Dei fyrste åra heldt teatret hus i Teatersalen i Rosenkrantz gt 8, hjå Bondeungdomslaget i Oslo. Deretter flytte det til Stortingsgata 16, fram til det i 1985 fekk eit nytt og moderne teaterbygg i Kristian IVs gate. Nybygget var teikna av Arkitektkontoret 4B, og vart heidra med utmerkinga Betongtavlen i 1986.[1]

Teatret er særleg kjend for å spele musikkspel. Dei største suksessane gjennom tidene har vore musikkspela Les Misérables, Cats, Piaf, Jesus Christ Superstar og Next to Normal. Teatret har også gjeve ut cd-ar, til dømes Så lenge skuta kan gå, som det vann Spellemannprisen med i open klasse i 1979.

Som det einaste større teatret i Noreg er Det Norske Teatret privat ått, av lutlaget Det Norske Teatret LL. Sidan staten gjev om lag 100 millionar kr i årleg tilskot peikar staten ut tre av fem valde styremedlemer, medan årsmøtet fritt vel to medlemer. Dei tilsette har to medlemer i styret.

Bondeungdomslaget i Oslo er største eigar, elles eig mållag og ungdomslag over heile landet og mange privatpersonar luter i teatret.

Teatersjef er Erik Ulfsby.

Teatersjefar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Betongtavlen 1961-2008 Arkivert 2014-03-17 ved Wayback Machine. frå Betong.net

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Det Norske Teatret