Asle Kristensen Hoffart
Utsjånad
| Asle Kristensen Hoffart | |||
| Fødd | 14. november 1788 Eggedal | ||
|---|---|---|---|
| Død | 29. november 1851 (63 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Yrke | politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Asle Kristensen Hoffart (14. november 1788–29. november 1851) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Eggedal i Buskerud.
Hoffart var son av ein gardbrukar og lensmann. Sjølv vart han gardbrukar på Hoffart i heimbygda, dit han var gift. Han var elles trelasthandlar, samt medlem av heradsstyre og forlikskommisjon i Eggedal. I 1842 var han 2. representant frå Buskeruds amt på Stortinget, medlem av justiskomiteen. Både i 1836 og 1842 var han 1. varamann til Stortinget.
Han døydde på garden sin i Eggedal i 1861.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Asle Kristensen Hoffart ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør