Asnières-sur-Seine
| Asnières-sur-Seine | |||
|---|---|---|---|
| |||
| Land Region Departement |
Frankrike Île-de-France Hauts-de-Seine | ||
| Flatevidd | 4,82 km² | ||
| Flatevidd • By |
4,82 km² | ||
| Innbyggjarar • By (2005) - folketettleik |
83 300 17 282/km² | ||
| Koordinatar | 48°55′05″N 02°17′01″E / 48.91806°N 2.28361°E | ||
| Nettstad: www.ville-asnieressurseine.fr | |||
Asnières-sur-Seine er ein kommune og by i dei nordvestlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 7,9 km frå Paris sentrum i departementet Hauts-de-Seine. Med eit folketal på like over 80 000 fordelt på berre nesten 5 km² er dette ein av kommunane i Europa med størst folketettleik.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Asnières-sur-Seine vart opphavleg berre kalla Asnières. Namnet Asnières vart først nedteikna på ein paveleg bulle i 1158 som Asnerias, frå mellomalderlatinsk asinaria, som tyder «eselfarm». Den dårlege jorda i Asnières, der det voks røsslyng i mellomalderen, vart sannsynlegvis berre rekna som godt nok til å avle opp esel.
15. februar 1968 vart namnet på kommunen offisielt Asnières-sur-Seine (tyder «Asnières ved Seine») for å skilje han frå andre kommunar i Frankrike med same namn.