Aspergers syndrom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aspergers syndrom
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-10-kode: F84.5
ICD-9-kode: 299.8
DiseasesDB 31268
MedlinePlus T3673
eMedicine med/3202

Aspergers syndrom eller aspergersyndrom (ofte forkorta AS eller asperger; stundom skrive Asperger syndrom) er ein mild variant innan autismespekteret. Syndromet viser seg i form av låg eller manglande interesse for og/eller forståing av det daglegdagse sosiale samspelet mellom menneske, kombinert med tydeleg avgrensa og sterkt fokuserte interesser og/eller vanar.

Hemmande trekk for personar med AS er gjerne ha vanskar med sosial omgang og ikkjeverbal kommunikasjon, og personar med AS vil ofte slite med konsentrasjonsvanskar i faglege eller sosiale samanhengar som ligg utanfor fokuset deira. Typiske ressurstrekk ved AS er ein fokuseringsevne som i nokre fall kan føre med seg uvanlege evner, kunnskapar og innsikt innan visse område eller fag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]