Associates

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Associates

Aktiv1979–
Sjangerpost-punk
PlateselskapFiction Records

Associates eller The Associates var ei skotsk new wave-gruppe som var verksam på 1980-talet. Ho oppstod frå gruppa The Ascorbic Ones, og blei danna i 1979 i Dundee av songaren Billy Mackenzie (1957-1997) og gitaristen Alan Rankine (1958-2023). I samband med dette gav gruppa ut sin første sjølvproduserte singel, «Boys Keep Swinging», som var ein coverversjon av den då uutgjevne David Bowie-låten. Dette førte til merksemd frå plateselskapa og gruppa fekk den fyrste platekontrakten sin. Gjennombrotet i Storbritannia skjedde i 1982 med singelen «Party Fears Two», som nådde den engelske Top Ten-lista og bidrog til vellykka salstal for albumet Sulk frå same år; av mange sett som den musikalske høgdepunktet til gruppa.

Sulk tilbaud på ein brei variasjon av musikkstilar med tonevekt på synth, new wave og pønk, som saman med songen til Billy Mackenzie gav albumet eit medvite, lett disharmonisk preg, som skulle komma å bli den musikalske signaturen til gruppa. Tekstane var skrivne av Mackenzie, medan melodi og lydbildet blei utvikla av multi- instrumentalisten Alan Rankine på ein relativt eksperimentell måte. Relasjonen dei imellom blei likevel stadig meir frosen, og i slutten av 1982 gjekk Rankine ut av gruppa for å skipa ein solokarriere. Mackenzie og dei andre medlemmene fortsette å spela inn musikk under Associate-namnet fram til 1990. Håpet om ei eventuell gjenforeining blei knust i 1997 då Mackenzie, etter lengre tids depresjon, utførte sjølvmord.

Mackenzie gav ut nokre soloalbum, mellom anna Outernational (1992), og medverka òg som songar på British Electric Foundation sin coverlåt av David Bowie-låten «The Secret Life of Arabia» på albumet Music of Quality and Distinction (1982, gjenutgjeve 2011).

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

  • Billy Mackenzie – song (1979–1990, 1993.)
  • Alan Rankine – gitar, keyboard (1979–1982, 1993.)
  • John Sweeney – trommer (1979–1980.)
  • John Murphy – trommer (1980–1981.)
  • Michael Dempsey – bassgitar (1980–1982.)
  • Martha Ladly – keyboard, bakgrunnssong (1982.)
  • Steve Reid – gitar (1982–1984.)
  • Roberto Soave – bassgitar (1983–1985.)
  • Jim Russell – trommer (1984.)
Turnerande medlemmer
  • Martin Lowe – gitar (1982.)
  • Ian McIntosh – gitar (1982–1985.)
  • Howard Hughes – keyboard (1984–1990.)
  • Moritz von Oswald – trommer, perkusjon (1985–1990.)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum
  • The Affectionate Punch (1980)
  • Sulk (1982)
  • Perhaps (1985)
  • Wild and Lonely (1990)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]