Atahualpa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Atahualpa
Lombards Library 001.jpg
Fødd 20. mars 1497
Quito
Død

29. august 1533
Plaza de Armas of Cajamarca

Tittel Sapa inka
Føregjengar Huáscar Capac
Etterfylgjar Túpac Huallpa
Atahualpa på Commons

Atahualpa (quechua Ataw Wallpa , ca. 1502–1533) var den siste inkaen som regjerte i Inkariket.

Atahualpa møter Francisco Pizarro og ein kristen misjonær. Teikning frå 1600-talet av Waman Puma de Ayala.

Han var son av inka Huayna Cápac som fullførte utvidinga av riket. Mor hans var Pacha, dotter av ein lokal herskar i Quito-området. Atahualpa var fødd i Quito rundt år 1500, voks opp her og fekk makt over området av far sin som ein provinsguvernør for nordlege del av inkariket.

I 1532 sigra Atahualpa over halvbror sin, Huáscar, og tok Huáscar til fange utanfor Cuzco i borgarkrigen som svekka riket akkurat då conquistadorane dukka opp. Regjeringstida som inka kan berre ha vara i få månader, for 16. november 1532 vart Atahualpa sjølv fanga av dei spanske inntrengjarane i slaget i Cajamarca. Han sat i fangenskap i om lag 8 månader før han vart avretta.