Atle Antonsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Atle Antonsen

Fødd11. august 1969 (54 år)
FødestadLillehammer kommune
Aktive år1998–
Verka somskodespelar, komikar, politikar, regissør, manusforfattar, stemmeskodespelar, plytrar
PrisarGullruten for beste skodespelar

Atle Antonsen (fødd 11. august 1969 i Lillehammer) er ein norsk komikar og skodespelar. Han er kjent for fleire humorprogram på TV, som medlem i bandet DDR, for Lompelandslaget og som frontfigur for Det Politiske Parti.

Av TV-programma Antonsen har medverka i kan nemnast MandagsklubbenTV Norge og Team Antonsen og Uti vår hageNRK. Han har også medverka i radioprogrammet MisjonenP4 saman med Johan Golden. Frå 2006 har han også opptrådt med Team Eckbo, ein sceneproduksjon i samarbeid med Harald Eia, Bård Tufte Johansen og Espen Eckbo. Antonsen er dessutan kjent for plystringa si.[1]

Antonsen har vunne Komiprisen tre gonger; i 2004 i klassen beste stand up-artist og i 2007 og 2008 i klassen beste mannlege artist i revy og komedie. Under Gullruten 2006 vart han kåra til beste mannlege skodespelar for Tre brødre som ikke er brødre. Han har bidrege til den norskdubba versjonen av enkelte animasjonsfilmar, og er i tillegg stemma til hovudpersonen i den norske animasjonsfilmen «Kurt blir grusom».

Frammøte[endre | endre wikiteksten]

TV

Film[2]

Anna

  • 2004–2008: Kommisjonen, radioprogram på Kanal 24
  • 2006– : Team Eckbo, sceneshow med Harald Eia, Bård Tufte Johansen og Espen Eckbo
  • 2008– : Misjonen, radioprogram på P4

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Plystrekongen». Aftenposten. 23.10.2003. 
  2. Atle Antonsen ved The Internet Movie Database (IMDb)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Atle Antonsen