Atle Selberg
Atle Selberg | |
![]() | |
Fødd | 14. juni 1917 Langesund |
---|---|
Død | 6. august 2007 Princeton |
Nasjonalitet | Noreg, USA |
Område | talteori |
Yrke | matematikar, universitetslærar |
Institusjonar | Syracuse University |
Alma mater | Universitetet i Oslo |
Ektefelle | Hedvig Selberg |
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Kungliga Vetenskapsakademien Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab American Academy of Arts and Sciences |
Atle Selberg (fødd 14. juni 1917 i Langesund, død 6. august 2007) var ein norsk matematikar, kjent for arbeidet sitt i analytisk talteori. Selberg vert rekna som ein av dei fremste talteoretikarane gjennom tidene.
Selberg vart fødd i Langesund. Både faren hans og hans to eldre brør var matematikarar. Medan han enno gjekk på skulen vart han påverka av arbeidet til Srinivasa Aiyangar Ramanujan. Selberg vart cand.real. i 1939 og tok doktorgraden sin ved Universitetet i Oslo i 1942.
Selberg flytte til USA etter andre verdskrigen og tilsett ved Princeton University frå 1947. Han vart medlem av Institute for Advanced Study, Princeton i USA i 1949.
Under den andre verdskrigen arbeidde han i isolasjon på grunn av okkupasjonen av Noreg. Etter krigen vart utreiingane hans kjent, blant anna eit bevis for at ein positiv del av den imaginære delen av dei ikkje-trivielle røtene til Riemanns zeta-funksjon ligg på aksen Re(s) = 1/2. Etter krigen vende han seg mot sieve teori, eit tidlegare forsømt område innanfor matematikken der Selberg gjorde store framsteg. I ein artikkel i 1947 introduserte han Selbergs sieve, ein metode der blant andre viktige resultat førte til Chen-teoremet. På 1950-talet jobba han med å introdusere spektralteori inn i talteorien, noko som resulterte i Selbergs sporformel, det mest respekterte arbeidet hans.
Selberg vart tildelt Fieldsmedaljen i 1950 og Wolfprisen i matematikk i 1986. I 1987 vart han utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden.
Bibliografi[endre | endre wikiteksten]
- Collected papers cop. 1989 1991
- Contributions to the theory of Dirichlet's L functions 1947
- On an elementary method in the theory of primes 1947
- Contributions to the theory of the Riemann zeta function 1946
- On the remainder in the formula for N(T), the number of zeros of ζ (s) in the strip O[t[T - Oslo, 1944
- On the normal density of primes in small intervals, and the difference between consecutive primes - Oslo, 1944
- On the zeros of Riemann's zeta function 1943
- On the zeros of the Zetafunction of Riemann 1943
- On the zeros of Riemann's zeta function on the critical line 1942
- Über ganzwertige ganze transzendente Funktionen 1941
- Über einen Satz von A. Gelfond 1941
- Über ganzwertige ganze transzendente Funktionen 1941
- Beweis eines Darstellungssatzes aus der Theorie der ganzen Modulformen 1941
- Über die Fourierkoeffizienten elliptischer Modulformen negativer Dimension 1939
- Über einige arithmetische Identitäten 1936
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Atle Selberg» frå Wikipedia på bokmål, den 30. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- O'Connor, John J., og Edmund F. Robertson. «Atle Selberg». MacTutor History of Mathematics archive
- [1] I Selbergs spor, av Gudleif Forr
- [2] Atle Selberg til minne, av Nils A.Baas
- Atle Selbergs private arkiv finst ved NTNU Universitetsbiblioteket Dorabiblioteket