Langesund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Langesund
Frå Langesund.  Foto: Marius Kallhardt
Frå Langesund.
Foto: Marius Kallhardt
Geografi
Kommune Bamble
Fylke Telemark
Folkemengd 3 777 (2012)
Annan informasjon
Ferdselsårer 352
Postnummer 3970 LANGESUND
Preposisjon i Langesund
Kart
Langesund is located in Telemark
59°0′12″N 009°44′29″EKoordinatar: 59°0′12″N 009°44′29″E

Langesund er ein by i Bamble kommune i Telemark fylke. Langesund ligg heilt ytst ved grensa til ytre Oslofjord og Skagerrak ved innseglinga til Frierfjorden. Byen ligg ved Langesundet, innom Langøya.

Byen ligg på ei halvøy og har kring 5500 innbyggjarar [treng kjelde]. Langesund er ein sommarby, som yrer av folkeliv frå mai til august. Langesund er den kystbyen i Noreg med flest soldagar i året [treng kjelde].

Kulturlivet blomstrar i Langesund kvar sommar; konsertar og festivalar pregar bybiletet. Det blir mellom anna arrangert fiskefestival og shantyfestival. Bob Dylan og a-ha spelte der i 2001. Også andre store artistar som Little Richard, B.B. King, Turboneger, Elton John og har spelt i Langesund.

Langesund vart ladestad på 1500-talet og har lange maritime tradisjonar og var tidleg ein av Noregs viktigaste byar innan skipsfart. Det finst også ei avansert teknologibedrift, Skarpenord AS i byen.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling i Langesund
År Innbyggjarar
1769
  
520
1801
  
522
1815
  
497
1825
  
528
1835
  
528
1845
  
627
1855
  
753
1865
  
916
1875
  
1 060
1890
  
1 232
1900
  
1 407
1910
  
1 585
1920
  
1 885
1930
  
1 909
1946
  
2 056
1950
  
2 148
1960
  
2 191
1970
  
2 462
1980
  
3 605
1990
  
3 894
2000
  
3 822
2010
  
3 679
Kjelder:

Tala f.o.m. 2000 viser til Langesunds del av Porsgrunn/Skien tettstad, berekna på grunnkrinsinndelinga

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Festivalar[endre | endre wikiteksten]

Kjende personar frå Langesund[endre | endre wikiteksten]