Atle Torbjørn Karlsvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Atle Torbjørn Karlsvik

Karlvik inspiserar buekorpsgutar frå Dræggens Buekorps på Bergenhus festning den 13. mai 2005.
Foto: Nina Aldin Thune
Fødd22. juni 1957
Rangadmiral

Atle Torbjørn Karlsvik (fødd 22. juni 1957) er ein tidlegare norsk kontreadmiral. Han har vore sjef for Sjøkrigsskolen, skipssjef på MTB og skvadronsjef for 22. MTB-skvadron. Han har dessutan vore sjef for Sjøoperasjonssenteret ved Fellesoperativt hovudkvarter.

Militær karriere[endre | endre wikiteksten]

Karlsvik byrja i 1976 på Sjøkrigsskulen. Han har hatt operativ teneste på MTB og fregatt. Han har mellom anna vore skipssjef og skvadronssjef for 22. MTB-skvadron og sjef for sjøoperasjonssenteret ved Fellesoperativt hovudkvarter.

Karlsvik har tre års utenlandstjeneste frå SACLANT. I 2000 gjekk både Karlsvik på totalforsvarskurset på Høgskulen til forsvaret. Same år vart Karlsvik utnemnd til sjef for Sjøkrigsskolen, og i 2002 vart han første sjef for Skulane til sjøforsvaret, som då vart samla under ein sjef.

Då han den 2. september 2005 vart utnemnd til stillinga som kontreadmiral og sjef for fellsstaben i Forsvarsstaben, var dette ei nyoppretta avdeling. Fellesstaben har det overordna driftsansvaret for Fellesavdelingane til forsvaret, mellom anna innan logistikk, kommando og kontroll.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Utnevnelsen av Karlsvik som kontreadmiral var omstridd, då det vart stilt spørsmål om dåverande forsvarsminister Kristin Krohn Devold var inhabil fordi ho var ven med Karlsvik og hadde delteke på totalforsvarskurset samstundes som han.

Karlsvik vart i 2005 tiltalt for grovt bedrageri fordi han urettmessig skulle ha ført private middagar, ferieturar og golfkurs på rekninga til staten. Den 24. mai 2007 vart han frikjent på alle punkt i tiltalen. Påtalemyndigheten anka frifinnelsen inn for Gulating lagmannsrett, men den 29. februar 2008 vart han igjen blankt frifunne for tiltalen. Straffesaka var dermed rettskraftig avgjort.

Forsvarsdepartementet tok i tillegg ut sivil sak mot Karlsvik for at han skulle verta frådømt stillinga på bakgrunn av det påståtte økonomiske mislighaldet. Den 7. april 2008 vart det inngått forlik mellom partane. Dette bar med seg at Karlsvik mista stillinga si.[1] Han måtte betala tilbake 240 000 kroner, og halde på full løn på om lag 800 000 kroner i eitt år og sin tenestebustad fram til den 30. juni 2011.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kontreadmiral Karlsvik får sparken», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 3. februar 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]