Påtalemakta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Påtalemakta er etter norske reglar den offentleg instansen som leiar etterforskinga av lovbrot, avgjer om saka skal fremjast for domstolane som straffesak, det vil seie avgjer om det skal reisast tiltale mot den som politiet har peika ut som straffskuldig i saka, står for aktoratet (prosederer for påtalemakta) under saker som kjem til hovudforhandling i domstolen, og avgjer om dommen i ei tapt sak skal godtakast eller bringast inn for høgare rettsinnstans. Det er òg påtalemakta som gjev ordre om at domen mot ein straffedømd skal gjennomførast.

Påtalemakta er delt inn i tre nivå. Riksadvokaten er øvste leiar, med statsadvokatane under riksadvokaten, og politiet under statsadvokatane. For det meste er det statsadvokatane som gjer vedtak om tiltale i saker som gjeld grøvre lovbrot, og politimeisteren i saker som gjeld lekamsfornærming, tjuveri, underslag, bedrageri, og elles når det gjeld mindre alvorlege lovbrot. Riksadvokaten avgjer om det skal reisast tiltale i mellom anna i saker der straffa kan verte fengsel inntil 21 år, i saker om alvorlege lovbrot i skrift eller i kringkastingssending, (unnateke saker etter § 204 straffeloven av 1902 (pornografi) og i saker som har særleg stor ålmen interesse.

Kongen i statsråd gjer vedtak om tiltale eller ikkje, dersom saka gjeld lovbrot under tenesta som embetsmenn og andre tenestemenn tilsett av Kongen har gjort seg skuldig i.

Politiet (det vil seie politimeister, politiinspektør, politiadjutant og politifullmektig) kan som hovudregel avgjere om eit mindre alvorleg lovbrot skal avgjerast med påtaleunnlating, som er ein strafferettsleg reaksjon som går ut på at vedkomande som eigenleg er strafferettslege ansvarleg for lovbrotet, likevel skal sleppe straff. I alvorlegare saker ligg avgjerda om påtaleunnlating hos statsadvokaten, og er saka så alvorleg at spørsmålet om tiltale høyrer under riksadvokaten, er det Kongen i statsråd som avgjer om påtaleunnlating skal vere straffereaksjonen.