Audun André Sandvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Audun André Sandvik (f. 1979 ) er ein norsk cellist, fødd og oppvaksen i Bergen. Han spelar på ein cello som vart bygd i Roma i 1695 av Giorgio Tangingardo.

Audun André Sandvik har studert ved Norges Musikkhøgskole, der han mellom anna hadde Truls Mørk til lærar.[1] I 2005 kom Sandvik til Det Norske Kammerorkester som stipendiat, og utvikla seg raskt til å bli solo-cellist i orkesteret. Han avslutta diplomstudiet sitt ved musikkhøgskulen i 2007. I tillegg til å undervisa ved skulen, er han i dag solo-cellist i både kammerorkesteret og Kringkastingsorkesteret, og han fungerer som kunstnarisk leiar for Gloppen Musikkfest i Sandane.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Om Sandvik hjå Reykholtshátíð, arkivert frå originalen 14. mars 2014, henta 14. mars 2014 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]