Augusta i Italia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Esso-raffineriet i Augusta
Marinebasen i Augusta

Augusta er ein by og ein kommune i provinsen Siracusa i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har 36 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 109,3 km².

Byen Augusta ligg 35 kilometer nord for provinshovudstaden Siracusa. Næringslivet er dominert av industriproduksjon. Augusta-Priolo, Italias største petrokjemiske selskap og Sicilias største industrikompleks har sysselsett ein stor del av ibuarane i Augusta. Kommunen er sterkt prega av industriverksemda og har fått tilnamna Den svarte trekanten (Trinacria Nera) og Det svarte Sicilia.

Den italienske marinen har ein base i Augusta.

Byen vart grunnlagd på 1100-talet. I eit jordskjelv i 1693 vart byen fullstendig øydelagd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]