Augustus og augusta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein denarius som viser hovudet til keisar Augustus og har innskrifta CAESAR AVGVSTVS.

Augustus og augusta (latin for 'majestetisk' eller 'ærverdig') var keisarlege titlar i Romarriket.

Den første «Augustus» (og den fyrste keisaren av Romarriket) var Gaius Julius Cæsar Octavianus, seinare kjend som keisar Augustus. Han vart gjeven tilnamnet av det romerske senatet den 16. januar 27 fvt. Dei påfølgjande keisarane brukte også dette namnet som del av sin titulatur.[1]

Mynt som viser Livia med tittelen «augusta».

Den kvinnelege forma av tilnamnet, augusta, blei bore av fleire romerske keisarinner og etter kvart også av andre kvinner i keisarfamilien. Etter at keisar Augustus døydde i år 14 fvt. blei han posthumt adoptivfar for kona si Livia Drusilla, som dermed fekk status som dotter hans med namnet Julia Augusta. Etter dette vart augusta eit vanleg tilnamn på keisarinnene.[2]

«Augustus» vart etter kvart knytt til makta og fullmaktene i embetet som keisar. Då Diokletian innførte tetrarkiet var «augustus» tittel på dei to hovudkeisarane, medan underkeisarane hadde tittelen caesar.[1]

Også dei tysk-romerske keisarane brukte denne nemninga eller «Semper ('alltid) Augustus».

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Augustus – tilnavn til romerske keisere». Store norske leksikon (på norsk). 14. mai 2017. 
  2. «Augusta – romerske keiserinner». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018.