Aukštojas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Steinen på Aukštojas

Aukštojas er det høgaste punktet i Litauen som ligg i høglandet Medininkai, om lag 24 km søraust for hovudstaden Vilnius. I 2004 vart høgda målt til 293,84 meter over havet med hjelp av GPS-teknologi. Tidlegare vart Juozapinė Hill med 292.7 meter over havet offisielt rekna som det høgaste punktet. Geografen Rimantas Krupickas vekte i 1985 mistanke om at kanskje Juozapinė ikkje var det høgaste punktet. Aukštojas ligg om lag 500 meter vest for Juozapinė Hill.

Området der Aukštojas ligg er no endra av styresmaktene i Vilnius fylke frå å vere eit område tiltenkt jordbruk til eit område tiltenkt turisme og kultur. Toppen av åsen er dekt av furutre. Den offentlege institusjonen Lietuvos viršūnės, leia av Vladas Vitkauskas, ein litauisk fjellklatrar, har prøvd å få Aukštojas utpeikt som eit geografisk landemerke i den historisk viktig Medininkai-regionen.

Nmnet Aukštojas vart foreslått av Libertas Klimka, ein professor i historie ved Vilnius pedagogiske universitet etter at han vann ein konkurranse om kva den «nyoppdaga» åsen skulle heite. Aukštėjas var ein av dei viktigaste gudane i gammal litauisk mytologi og vart rekna som skaparen av verda. Åsen vart døypt 20. juni 2005 under ein uoffisiell seremoni. Namnet vart offisielt godkjend 18. november same året.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]