Aung San Suu Kyi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aung San Suu Kyi (fødd 19. juni 1945) er ein burmesisk forkjempar for demokrati og ikkjevaldeleg motstand mot militærregimet i Myanmar. Ho er vinnar av Raftoprisen og Shakarovprisen i 1990 og Nobels Fredspris i 1991.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Aung San Suu Kyi blei fødd i Rangoon i Burma som dotter av general Aung San, mannen som forhandla om fridom i Burma frå britane, og som vart myrda av politiske motstandarar den 19. juli 1947. Suu Kyi voks opp i London, og studerte i Oxford. Der trefte ho Michael Aris som ho seinare gifta seg med. Dei fekk to sonar, Alexander og Kim.

Ho vart kjent med den norsk UNICEF-direktøren Hallvard Kuløy og ho og familien budde ei tid hos Kuløy i Nepal. Kuløy var sentral i arbeidet med å sikre Fredsprisen til Aug San Suu Kyi.[1]

Politisk påverknad[endre | endre wikiteksten]

Suu Kyi vendte attende til Myanmar i 1988 for å pleie den sjuke og aldrande mora si. Mens ho var i Myanmar gjekk den mangeårige sosialistleiaren Ne Win av. Deretter overtok militærjuntaen, som førte til store demonstrasjonar. Suu Kyi vart raskt trekt inn i opposisjonsrørsla og då motstandspartiet NLD (National League for Democracy) vart danna i 1988, var det med henne som generalsekretær. Sidan ho var dotter av frigjeringshelten Aung San vart ho raskt eit populært andlet — første gongen ho tala offentleg fekk ho over 500 000 tilhøyrarar. Dette i tillegg til at ho er sterkt påverka av Mahatma Gandhi sin ikkjevaldelege filosofi, har gjort ho til ein populær figur også internasjonalt. NLD med ho i spissen, kjempa for demokratisering av Myanmar, med det resultatet at ho vart sett i husarrest i 1989. Ho avslo tilbudet om å sleppe fri dersom ho drog bort frå landet.

Husarrest i Myanmar[endre | endre wikiteksten]

I 1990 lyste juntaen ut nasjonalt val, og NLD vann med 83 % av stemmene. Dette villa gjort Suu Kyi til statsminister, om ikkje juntaen hadde annullert resultatet og nekta ho og alle andre folkevalde, å tre inn i posisjonane sine. Dette førte til internasjonale protestar og Suu Kyi vann både Raftoprisen (1990), Sakharovprisen (1990) og Nobels Fredspris (1991). Den sist nemnde var på 1,3 millionar dollar, og desse pengane brukte Suu Kyi til å opprette eit helse- og utdanningsfond for det burmesiske folket. Ho fekk aldri motta Fredsprisen personleg, den eldste sonen hennar tok imot den på hennar vegne.

Ho vart sett fri frå husarresten i juli 1995, men vart samstundes gjort klar over at dersom ho drog bort frå landet, villa ho bli nekta innreiseløyve attende til Myanmar. Då mannen hennar, Michale Aris fekk diagnosen prostatakreft i 1997, vart han nekta visum til Mynamar, og han døydde i 1999 utan at dei fekk sjå kvarandre. Ho er framleis skild frå barna sine, som bor i Storbritannia.

Ho vart stadig nekta å samtale med partikollegaene sine, og i september 2000 vart ho sett i husarrest igjen. 6. mai 2002 vart ho igjen sett fri etter hemmelege samtalar mellom juntaen og SN. Ein talsmann for regjeringa sa at Suu Kyi igjen kunna gå fri fordi dei var «sikre på at vi kan stole på kvarandre». Aung San Suu Kyi erklærte at dette var «ein ny soloppgang for landet». Men allereie 30. mars 2003 vart konvoien hennar angripe av pøblar støtta av regimet, i Depayin, ein landsby nord i landet. Mange av kollegene hennar vart drepne eller såra. Suu Kyi flykta frå staden, hjelpt av sjåføren sin, Ko Kyaw Soe Lin, men dei vart arresterte i Ye-U. Ho vart fengsla i Inseinfengselet i Yangon. Etter ein kirurgisk operasjon i september same året, vart ho sett under husarrest.

Internasjonal stønad[endre | endre wikiteksten]

Det internasjonale presset på Myanmar er sterkast frå USA, som seinast i august 2005 fornya sin årelange handelsblokkade, og FN, som stadig kjem med uttalar om at landet må betre villkåra for frivillige hjelpeorganisasjonar som er til stades der. Dei same har uttala at dei støttar opp om Aung San Suu Kyi sitt arbeid og at ho må frigjerast. Dei fleste landa i Europa støttar meir eller mindre aktivt opp om denne haldninga. EU har oppfordra medlemslanda sine til handelsboikott, men krev det ikkje. Storbritannia lanserte i 2004 ein kampanje mot å feriere i Myanmar, og dette er i tråd med Suu Kyi sine eigne uttaler om at verken turisme eller investeringar i Myanmar kan forsvarast moralsk på noverande tidspunkt.

17. juni 2005 var det demonstrasjonar utanfor dei burmesiske ambassadane i fleire land over heile verda i samband med Aung San Suu Kyi sin 60-årsdag. Demonstrantane forlangte at ho vart sett fri, og dei fekk internasjonal merksemd. Rockeband som U2, R.E.M. og Coldplay har ved fleire høve uttrykt sympati og støtte for fridomsikonet og på den måten skapt merksemd rundt personen Aung San Suu Kyi og situasjonen i Myanmar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bøckman, Harald kronikk s.28 i Klassekampen 16.juni 2012