Myanmar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pyidaungzu Myanma
Naingngandaw

(norsk: Burma/Myanmar, burmesisk/myanmarsk)

Det burmesisk/myanmarske flagget Det burmesisk/myanmarske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Gba majay Bma»
Motto Ukjent
Geografisk plassering av Burma/Myanmar
Offisielle språk Burmesisk
Hovudstad Nay Pyi Taw
Styresett
Militærjunta, diktatur
Than Shwe
Thein Sein
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
676 578 km² (39.)
3,06 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
55 123 814 (24.)
81,5 /km² (96.)
Sjølvstende
Frå Storbritannia
4. januar 1948
Nasjonaldag 4. januar
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
267 700 mill. USD (56.)
USD (.)
Valuta Kyat
Tidssone UTC +6,30
Telefonkode +95
Toppnivådomene .mm (tidlegare .bu)


Myanmar (no. utt. /mjan¹ma:r/, burmesisk utt. [mjəmà]), tidlegare Burma, er eit land i Søraust-Asia. Det grensar til Bangladesh og India i vest, Kina i nord og aust og Laos og Thailand i aust. Det har ei kystline på over 200 mil til Andamanhavet i sør og Bengalbukta i sørvest.

Hovudstaden vart flytt frå Yangon (tidlegare Rangoon) til Nay Pyi Taw 7. november 2005. Myanmar er kontrollert av ei militant regjering med general Than Shwe i spissen og den utøvande instansen SPDC - State Peace and Development Council. Myanmar er av FN karakterisert som eitt av dei ti minst utvikla landa i verda (MUL-land), trass i rike naturressursar som teak og naturgass. Landet var tidlegare britisk koloni, og har med unntak av ein parlamentarisk periode frå 1948 til 1962 vore under militært styre. I tillegg slit landet med handelsboikott frå fleire land, mellom anna USA.

Kart over Myanmar

Namnet[endre | endre wikiteksten]

På burmesisk heiter landet Mranma [mjəmà] på litteraturmålet og Bama [bəmà] på daglegmålet[treng kjelde]. Frå hi forma kjem det tradisjonelle europeiske namnet Burma eller Birma. I 1989 lanserte militærregimet den engelske forma Myanmar, som har fått ei blanda mottaking av fleire årsaker. Tilhøve som har valda hovudbry er:

  • Har militærregimet legitimitet til å råde for landsnamnet?
  • Har regjeringa i eit land noko med kva ein kallar landet på andre mål i andre land?
  • Korleis skal Myanmar uttalast?

Til det siste spørsmålet var den tiltenkte uttala på engelsk [mjæn'maː], altso nær opptil den litterære forma på burmesisk, men det har vore so som so med etterlevinga av denne uttala. På norsk vert dette namnet vanleg uttala bokstavrett.

Historie[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Burmesisk historie.

Myanmar har sannsynlegvis husa menneske i om lag 11000 år sidan. Varierande i storleik og makt, og regjert av ulike kongar og dynasti, tok landet den forma vi kjenner i dag først i 1824 då det vart okkupert av Storbritannia og 62 år seinare innlemma i det Britiske imperiet. Landet vart sjølvstendig i 1948 etter fleire tiår med aktiv frigjeringsrørsle. Etter 14 år med uklare maktforhold greip general Ne Win makta i 1962 i eit militærkupp. Han regjerte med hard hand fram til 1988, då massive demonstrasjonar tvinga han til å gå av. Men regimet hans vart erstatta av det kanskje enno meir brutale SLORC (State Law and Order Restoration Council), som framleis styrar, no under namnet SPDC (State Peace and Development Council). Regimet er berykta for grusomme maktdemonstrasjonar i form av slavearbeid, tortur, systematisk etnisk reinsing, valdtekt og forfølging av politiske motstandarar. I 1988 vart det politiske opposisjonspartiet NLD (National League for Democracy) danna, med Aung San Suu Kyi som generalsekretær. Ho vart sett i husarrest i 1989, og har fleire gongar vorte frigjort og arrestert igjen. I periodane med fridom figurerte ho ofte i det offentlege rom, ho heldt talar til store folkemassar og oppfordra til ikkjevaldelege demonstrasjonar og fredeleg motstand mot regimet. I 1991 fekk ho Nobels fredspris. I 1990 heldt juntaen «frie og rettferdige» val, men dei nekta å godta NLD sin valsiger på over 80%. Dei fleste av dei folkevalde flykta og danna eksilregjeringa NCGUB (National Coalition Government of the Union of Burma). Langstrakte «forsøk» på å lage ei demokratisk grunnlov har ikkje ført fram og blir skylda av opposisjonen for å vere ein pasifiserande manøver frå juntaen si side. Situasjonen i dag er spent og uoversiktleg, med utbreitt fattigdom, mange militante frigjeringsgrupper, fleire hundre tusen flyktningar i nabolanda og landminer spreidd over store delar av dei rurale områda.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Antalet delstatar er syv, og antal regionar er syv (per 2018):

  1. Kachin-staten
  2. Kayah-staten
  3. Kayin-staten
  4. Chin-staten
  5. Sagaing-regionen
  6. Tanintharyi-regionen
  7. Bago-regionen
  8. Magway-regionen
  9. Mandalay-regionen
  10. Mon-staten
  11. Rakhine-staten
  12. Yangon-regionen
  13. Shan-staten
  14. Ayeyarwady-regionen

Menneskerettar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Menneskerettsbrot i Myanmar.

Fleire interesseorganisasjonar som Human Rights Watch, Amnesty International og Refugees International karakteriserer menneskerettssituasjonen i Burma som katastrofal. Rapportar frå fleire hald fortel om ein total mangel på respekt for grunnleggande menneskeretter. Ytringsfridomen er minimal, og juntaen SPDC nyttar systematisk tortur, slavearbeid, overvaking og valdtekt som politiske verkemiddel. Mellom anna i 1960-åra og i 1997 lanserte dei såkalla kampanjar for etnisk reinsing, der dei sju etniske minoritetane i Burma vart utsette for grove brot på menneskerettane. USA karakteriserer Burma som ein versting når det gjeld demokrati og menneskerettar, og nobelprisvinnar Desmond Tutu er blad dei som har appellert til FN sitt sikkerheitsråd om å intervenere i Burma av humanitære årsaker.

Etniske grupper[endre | endre wikiteksten]

Myanmar har fleire enn 100 ulike etniske grupper, delte inn i åtte hovudgrupperingar: Burman (som er den regjerande gruppa) chin, kachin, karen, karenni, mon og shan. Kvar hovudgruppe har sin eigen, meir eller mindre sjølvkontrollerte stat. Dei fleste har geriljagrupper som slåst for sin eigen sjølvstendige stat og mot undertrykkinga av regjeringshæren, SPDC.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Mykje av Myanmar er fjellområde, der fjellrekkjene hovudsakleg går frå nord til sør. Dei høgaste områda i nord er over 5500 m høge, men middelhøgda er mellom 1200 og 2400 m. Sentrale område av landet nord for Mandalay til kysten ved Yangon er lågland der dei store elvane Eravati og Salween renn. Elvene har sitt utspring i dei høge fjellområda i nord der ein har mykje nedbør. Myanmar har eit tropisk monsunklima med ein kjøligare og tørrare periode frå november til april, og ein varmare og våtare periode frå mai til september eller oktober. Som i India er den tørre årstida dominert av den nordaustlege monsunen som bles frå Kina. Kystfjella og dei høgare fjella i nord og aust har store nedbørsmengder eller kraftig nedbør som varierer mellom 2500 mm og 5000 mm i året. Dei indre låglanda er verna frå den direkte effekten av den sørvestlege monsunen, og får så lite som 1000 mm eller mindre. Dei fleste stadane av landet får om lag tre fjerdedelar av den årlege nedbøren sin under den sørvestlege monsunen.

I låglandet, og særleg på kysten er temperaturane høge året rundt. Dei høgaste temperaturane har ein i perioden mars til mai før monsunen startar. Temperaturen er lågare i høgda, men det meste av året har områda under 1200 varmt og tropisk klima. På kysten er klimaet ubehageleg på grunn av høg fukt, og det same gjeld dei indre områda i regntida.

Den tørre årstida er ein del kjøligare og meir behageleg i indre område og særleg i dei høgareliggande områda i nord. Perioden frå november til april er mykje tørrare over heile landet, og ein har i tillegg ein god del sol.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]