Aur prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°55′34″N 11°27′6″E

Aur prestegard med tidlegare prestebustad til høgre og forpaktarbustad til venstre
Foto: Øyvind Holmstad
Gamalt bilete frå Aur prestegard
Foto: Johannes Holmsen / Riksantikvaren

Aur prestegard ligg like vest for Aurskog kyrkjegard.

Både kyrkjestaden og prestegarden er frå mellomalderen, men den noverande kyrkja er frå 1881, og den eldste bygningen på prestegarden er frå 1703. Sistnemnde var opphavleg prestebustad, men vart nytta som forpaktarbustad frå 1856, då ny prestebustad vart bygd. På garden står òg eit stabbur i tre etasjar som vart nytta som kornmagasin på 1700-talet. Alle dei tre nemnde bygningane er i dag freda, og det finst òg ein låve og eit grisehus frå 1947. Prestegarden har opp gjennom historia hatt ei rekkje husmannsplassar som vart selde til brukarane i tida 1777–1954.[1]

Prestegarden vart nytta som prestebustad fram til 1991, då presten fekk ny bustad.[2] I dag står ei stifting bak drifta av den tidlegare prestegarden, som vert nytta til kulturføremål. Fleire av bygningane har vorte restaurerte på 2000-talet.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aur prestegard