Aurelianus av Romarriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Aurelian)
Aurelianus av Romarriket

Romersk keisar
Periode270-275
Fødd9. september 214
FødestadSirmium
Død25. september 275
DødsstadÇorlu
EktefelleUlpia Severina
BarnDomitica
FøregangarQuintillus
EtterfølgjarMarcus Claudius Tacitus

Lucius Domitius Aurelianus (9. september 214275), kjend som Aurelian eller Aurelianus, var romersk keisar frå 270 til han blei drepen i september eller oktober 275.

Aurelianus var fødd nær Sirmium i Moesia, noverande Sremska Mitrovica i Serbia. Han gjekk gradene som soldat i romarhæren og blei utropt til keisar av troppane i Sirmium.

I eit rike truga av «barbarar» og naborike organiserte han effektivt forsvar og slo alemannarar, gotarar og markomannarar før han erobra Palmyra under Zenobia. Han reiste aurelianmuren til vern av Roma; delar av denne står framleis.

Keisaren innførte Sol Invictus som ein viktig gud på linje med dei andre romerske hovudgudane. Han fekk reist eit strålande tempel til guden som han dekorerte med skattar tekne frå toktet i Palmyra.

Aurelianus blei drepen av pretorianargarden, som skal ha frykta ugrunna straff, ved Caenophrurium, undervegs på eit felttog mot Persia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Lucius Domitius Aurelianus» i Store norske leksikon, snl.no.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.