Romersk keisar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Statue av keisar Nerva ved Via dei Fori Imperiali i Roma.

Romersk keisar var den høgaste stillinga i Romarriket frå enden av Den romerske republikken i 27 f.Kr. Herskarane av riket brukte ei rekkje ulike titlar gjennom historia til riket. Ofte snakkar ein om at ein romar blei keisar når han tok i bruk tittelen augustus eller cæsar. Ein annan tittel som var mykje brukt var imperator, opphavleg ein militær ærestittel. Tidlegare keisarar brukt også tittelen princeps civitatis ('førsteborgar'). Keisarar samle ofte opp ulike titlar frå republikken, som princeps senatus, consul og pontifex maximus.

Legitimeten til ein keisar bygde på kontrollen hans over den romerske hæren og anerkjenning frå det romerske senatet. Ein keisar kunne utropast av troppane sine, eller bli gjeven keisarlege titlar av senatet, eller begge delar. Dei første keisarane herska åleine, medan seinare keisarar kunne vera samregentar og dela på styret av riket.

Romarane rekna stillinga som keisar som ulik den til ein konge. Den første keisaren, Augustus, nekta einkvar omtale som monark.[1] Sjølv om Augustus kunne hevda at makta hans var republikansk kunne ikkje etterfølgjaren hans, Tiberius, lett hevda det same.[2] Likevel blei det gjort forsøk i dei første hundre åra det fanst romerske keisarar, frå Augustus til Diokletian, på å framstilla keisarane som leiarar av ein republikk.

Diokletian innførte Tetrarkiet og ulike styringsreformer som delte keisarstillinga inn i ein for Vestromarriket og ein for Austromarriket. Frå denne tida og til enden på riket herska keisarar ope som monarkar,[3] men kontrasten med «kongar» blei oppretthalden. Sjølv om keisarstillinga stort sett gjekk i arv, kunne ho berre arvast om det fanst ein passade kandidat som både hæren og byråkratiet kunne godta.[4] Dermed følgde ein ikkje prinsippet om automatisk arverett for trona. Nokre element frå det republikanske styresettet, som senat, konsular og magistratar, blei oppretthaldne til og med etter at Vestromarriket fall.

Vestromarriket braut saman mot slutten av 400-talet, etter talrike invasjonar frå germanske stammar. Romulus Augustulus er ofte rekna som den siste keisaren i vest etter at han blei tvinga til å abdisera i 476, sjølv om Julius Nepos heldt på eit krav på trona som blei anerkjend av Austromarriket fram til han døydde i 480. Eter at Nepos døydde avvikla den austromerske keisaren Zeno stillinga og proklamerte seg sjølv som eineherskar av eit sameint Romarrike. Den austlege keisarlinja fortsette å styra frå Konstantinopel («Ny-Roma») og kallaseg sjølv romerskekeisarar fram til byen fall for osmanarane i 1453. Den siste aromerske keisaren var Konstantin XI Palaiologos, som fall under erobringa av Konstantinopel..

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Galinsky 2005, s. 13–14
  2. Alston 1998, s. 39
  3. Williams 1997, s. 147
  4. Heather 2005, s. 28
Bibliografi