Sirmium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ruinane av keisarpalasset i Sirmium

Sirmium var ein oldtidsby i Pannonia, ein provins i Romarriket. Han låg rundt 55 km vest for det moderne Beograd i Serbia. Byen er nemnd for første gong i skriftlege kjelder på 300-talet f.Kr. Han var opphavleg folkesett av illyrarar og keltarar.[1] Han blei erobra av romarane på 100-talet f.Kr. og enda opp som hovudstaden i den romerske provinsen Pannonia Inferior. I 294 blei Sirmium erklært som den eine av fire hovudstader i Romarriket under Tetrarkiet. Byen var òg hovudstad for det pretorianske prefekturet i Illyricum og Pannonia Secunda.

Sirmium låg ved elva Sava på same stad som dagens by Sremska Mitrovica i den serbiske provinsen Vojvodina. Republikken Serbia erklærte han som ein arkeologisk stad av usedvanleg tyding i 1990. Den moderne regionen Syrmia (Srem) har namn etter byen.

Sirmium hadde rundt 100 000 innbyggjarar,[2] og var ein av dei største byane i Europa i si tid. Den engelske historikaren Colin McEvedy (1930–2005) har likevel tvilt på dette anslaget, og senka det til berre rundt 7 000 innbyggjarar basert på storleiken av den arkeologiske staden.[3] Den romerske historikaren Ammianus Marcellinus skildra Sirmium som «den praktfulle og folkerike mora til byar.»[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Romersk hjlem av gull funnem i nærleiken av Sirmium; utstilt i Museet Vojvodina i Novi Sad.
Kart over det pretorianske prefekturet i Illyricum, 318–379, med hovudstad i Sirmium.

Restane etter Sirmium ligg under gatene i dagens moderne by[4] 55 km vest for Beograd (romerske Singidunum) og 145 km unna Kostolac (romerske Viminacium). Arkeologar har funne spor av organisert menneskeleg liv på staden Sirmium som strekkjer seg tilbake til rundt 5000 f.Kr.[2] Byen blei første gong omtalt på 300-talet f.Kr. og var opphavleg folkesett av illyrarar og keltarar, nærare bestemt stammane pannoniansk-illyriske amantini[5] og keltiske scordisci.[6] Syrmos, konge av den vesttrakiske stammen triballiarar, blei seinare rekna som den eponymiske (den som gjev namn) grunnleggjaren av Sirmium, men ordrøtene er ulike, og dei to orda blei først smelta saman seinare.[7] Namnet Sirmium i seg sjølv tyder 'straum' eller 'strøymande vann', og i overført tyding 'elv' eller 'våtland', i seg sjølv ein referanse til at staden ligg nær elva Sava (latin Savus).

Med folket scordisci som allierte, tok den romerske prokonsulen Marcus Vinicius byen Sirmium ein gong rundt 14 f.Kr.[8][9] På 100-talet e.Kr. fekk Sirmium status som romersk koloni, og blei eit viktig militær og strategisk senter i provinsen Pannonia. Han fekk òg romerske busetjarar, inkludert stasjonerte militære. Romerske keisarar som Trajan, Marcus Aurelius, og Claudius II dreiv krigsførebuingar med utgangspunkt i Sirmium som hovudkvarter.

I 103 blei Pannonia delt i to provinsar: Pannonia Superior og Pannonia Inferior, og Sirmium blei hovudstaden for den sistnemnde.

I 296 omorganiserte Diokletian Pannonia i fire provinsar: Pannonia Prima, Pannonia Valeria, Pannonia Savia og Pannonia Secunda. Sirmium var hovudstaden for Pannonia Secunda. Keisaren slo dei saman med Noricum og Dalmatia for å etablera dioecesis (forvaltingsområdet) Pannonia, og med Sirmium som hovudstad. Setet for vicarius (guvernøren) var òg Sirmium.

Ein modell av Sirmium i besøkssenteret i Sremska Mitrovica.

I 293, med etableringa av tetrarkiet, blei Romarriket delt i fire delar; Sirmium stod fram som ein av fire hovudstader (saman med Trier, Mediolanum, og Nicomedia). Sirmium var hovudstaden for keisar Galerius (styrte i tida 305 til 311). Med etableringa av pretorianske prefektur i 318 blei Sirmium hovudstaden for prefekturet i Illyricum. Dette varte fram til 379, då det vestlegaste dioecesiset for det pretorianske prefekturet i Pannonia (inkludert Sirmium) blei skild ut og slått saman med det pretorianske prefekturet i provinsen Italia og fekk namnet det pretorianske prefekturet Illyricum. Den austlege delen blei verande eit eige prefektur under Austromerriket (Det bysantinske riket) med ny hovudstad i Thessaloniki.

Frå 300-talet var byen òg eit viktig kristent senter, og setet for biskopen i Sirmium. Det blei halde fem kyrkjeråd i Sirmium. Byen hadde òg eit keisarpalass, ein arena for hesteveddeløp, ein myntpregingsverkstad, eit arenateater og eit anna teater, og mange verkstader, offentlege bad, tempel, offentlege palass og storslegne villaer.

Myntpreginga i Sirmium var forbunden med myntpreginga i Salona ved kysten av Dalmatia og sølvgruvene i Dei dinariske Alpane og knytt saman med vegen Via Argentaria.

Mot slutten av 300-talet blei Sirmium angripen og hærteken av gotarar. Seinare blei han underlagd Austromarriket. I 441 erobra hunarar byen, og i dei neste hundre åra blei han herja og underlagt ulike andre barbariske stammar, blant anna austgotarar og gepidane. Ei kort tid var Sirmium sentrum for ei gepidisk statsdanning og kong Kunimund (død 567) prega gullmyntar her. Etter 567 kom Sirmium igjen inn under Austromerriket, men i 582 blei byen erobra og øydelagt av avarar, endå ei barbarisk stamme austfrå.[10]

Romerske keisarar[endre | endre wikiteksten]

Tre gullhjelmar funne i nærleiken av Sirmium, «haldne» av 80 romerske legionærar, Museet Vojvodina i Novi Sad.

Ti romerske keisarar var fødde i Sirmium eller like i nærleiken:

  • Herennius Etruscus (251)
  • Hostilianus (251)
  • Traianus Decius (249–251)
  • Claudius II (268-270)
  • Quintillus (270)
  • Aurelianus (270–275)
  • Marcus Aurelius Probus (276–282)
  • Maximianus Herculius (285–310)
  • Konstantius II (337–361)
  • Gratianus (367–383)

Den siste keisaren av eit sameint romarrike, Theodosius den store (378–395), blei keisar i Sirmium. Dei romerske tronrøvarane Ingenuus og Regalianus erklærte seg som keisarar i denne byen (i 260), og mange andre romerske keisarar heldt til ein del tid i Sirmium, blant annan filosofikeisaren Marcus Aurelius som moglegvis kan ha skrive delar av det kjende sofistiske verket sitt Meditasjoner i byen.

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Solidus-mynt med portrett av Julianus II «den fråfalne», ca. 361, prega i Sirmium.

Arkeologiske utgravingar i Sirmium har i tillegg til keisarpalasset og tilstøytande hippodrom funne ei rekkje andre monumentale offentlege bygg, som eit romersk bad, kornmagasin (horreum) og kommersielle og industrielle område. Ein har også funne spor etterluksuriøse urbane bustader og bygningar med leilegheiter i fleire etasjar, insulæ, for dei fattigare innbyggjarane.[4] Ein kolossal bygning som var rundt 150 meter brei og 450 meter lang låg rett under bykjernen i Sremska Mitrovica og rett ved sida av keisarpalasset. Det er den einaste romerske hippodromen som ikkje er undersøkt. Hesteveddeløp, den meste populære sporten i den antikke verda, underheldt innbyggjarane her. Hippodromen blei truleg bygd ein gong mellom 312 og 313 i nærvær av keisar Licinius eller seinare under Konstantin den store mellom 316 og 324.[4]

Sirmium var verna av ein sterk forsvarsmur og fekk vassforsyning via ein romersk akvedukt frå kjelda Vranješ i fjellet Fruška Gora. Gatene i byen var steinsette, flankert av portikoar og med kloakksluk. Det blei prega myntar i den keisarlege myntverkstaden i Sirmium. Verkstadar produserte ulike gjenstandar i kostbart metall, glas og steingods. Det blei òg laga murstein i Sirmium.[4]

Ved Glac i nærleiken av Sirmium har ein funne palasset til keisar Maximianus Herculius, som truleg blei bygga på staden der foreldra hans dreiv butikk. Under konstruksjonen av eit sjukehus i 1971 blei den funne ein monumentalt heilagdom for Jupiter, ein av dei største i Europa. Sirmium hadde to bruer over elva Sava, brua Ad Basanti og Artemidas bru. Etter 313 var Sirmium eit viktig kristent senter, og så langt er det avdekt åtte tidlege kristne kyrkjer. Dei var dedikerte til blant anna helgenane Irenaeus frå Sirmium og Demetrius frå Thessaloniki.

Under arbeid Med det nye handelssenteret i Sremska Mitrovica i 1972 over staden til den gamle busetjinga i Sirmium, kom ein arbeidar tilfeldigvis til å bryta seg inn i ein gammal romersk behaldar som var rundt 2 meter djup. Det blei funne 33 romerske gullmyntar i ein lêrpung, truleg dei skjulte eignelutene til ein rik romersk familie. Frå dette svært sjeldne funnet av myntar prega i Sirmium var det fire myntar frå Konstantius II si tid, rekna som dei meste verdifulle døma frå det seine Romarriket på 300-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mesto Sremska Mitrovica, upoznaj Srbiju», arkivert frå originalen 14. mai 2014, henta 4. august 2019 
  2. 2,0 2,1 "Sremska Mitrovica in Roman Times"
  3. McEvedy, Colin (2011): Cities of the Classical World, London: Allen Lane, s. 346.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 «Sremska Mitrovica, Sirmium archaeological site»
  5. «Bellum Pannonicum (12-11 BC). The final stage of the conquest of the southern Pannonia», Vjesnik Arheološkog muzeja u Zagrebu, 39 (1), desember 2006.
  6. Tapavički-Ilić, Milica (2002): The Romanization of the Scordisci, Verlag Marie Leidorf
  7. Papazoglu, Fanula (1978): The central Balkan tribes in pre-Roman times, Hakkert, ISBN 90-256-0793-4. s.74.
  8. Syme, Ronald; Birley, Anthony (1999): The provincial at Rome: and, Rome and the Balkans 80BC-AD14, University of Exeter Press, s. 204
  9. Bowman, Alan K.; Champlin, Edward; Lintott, Andrew (1996): The Cambridge Ancient History, bind 10, Cambridge University Press, s. 551
  10. Baynes, Norman H. (1913): "Chapter IX. The Successors of Justinian" i: The Cambridge Medieval History, bind II: The rise of the Saracens and the foundation of the Western Empire, New York: Cambridge University Press, s. 269, 275–276