Auricle Ensemble

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Auricle Ensemble

Aktiv2007 (2007)

Auricle Ensemble er eit kammerensemble basert i Skottland. Det blei oppretta som eit samarbeid av profesjonelle musikarar som arbeider i Storbritannia i 2007, og har vorte kjent for det varierte programmet sitt.[1] Ensemblet er basert i West End i Glasgow, med øvingar og administrasjon i St Bride's Church. Auricle Ensemblet opptrer heile året som residerande ensemble i St Bride's, og tek opp att desse konsertane over heile Skottland, på stadar som University of Edinburgh, Falkirk Town Hall, Byre Theatre St. Andrews, Isle of Bute og Wigtown Book Festival.

Ensemblet opptrer årleg på West End Festival i Glasgow og på Edinburgh Festival, og fekk kritisk merksemd for ein turné med Pierrot Lunaire av Arnold Schönberg.[2] Det skipa også til ein familiekonsert med skodespelaren Juliet Cadzow som forteljar, som blei framført på festivalar og konsertstadar over heile Skottland.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]