Arnold Schönberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arnold Schönberg

Fødd13. september 1874
FødestadWien
Død13. juli 1951 (76 år)
DødsstadLos Angeles
FødenamnArnold Franz Walter Schönberg
OpphavAusterrike, USA, Austerrike-Ungarn, Tyskland
Aktiv1897–1951
SjangerNeue Musik, opera, Atonal musikk, serialisme, klassisk musikk, ekspresjonisme, Tolvtonemusikk
Instrumentpiano
Verka somklassisk komponist, kunstmålar, musikkforskar, musikkteoretikar, skribent, dirigent, komponist, musikklærer, kunstnar
FarSamuel Schönberg
Gift medGertrud Schoenberg, Mathilde Zemlinsky
BornGertrud Schönberg, Georg Schönberg, Nuria Nono-Schönberg, Ronny Schönberg, Larry Schönberg

Arnold Schönberg (fødd 13. september 1874 i Wien, død 13. juli 1951 i Los Angeles)[a] var ein austerriksk komponist. Han er særleg hugsa for å vere ein av dei første komponistane som eksperimenterte med atonal musikk, og for sin tolvtonestil og sprechgesang.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Han blei fødd inn i ein ortodoks jødisk familie, og var nærast sjølvlærd som komponist. I 20-årsalderen levde han av å orkestrere operettar. Han fekk først framført musikken sin offentleg som 24-åring, men blei etter kvart ein etterspurt lærar i komposisjon, og etter den første verdskrigen blei han òg professor i komposisjon i Berlin. Fordi Schönberg var jøde, måtte han forlate TysklandHitler kom til makta i 1933. Han flytta til USA og underviste i komposisjon i Los Angeles. I løpet av det langvarige virket sitt som komponist forandra Schönberg stil ved fleire høve. Han såg på seg sjølv som ein vidareførar av den musikkhistoriske utviklinga, ikkje som ein musikalsk revolusjonær.

Han komponerte først i seinromantisk stil, påverka av komponistar som Richard Wagner, Gustav Mahler og Richard Strauss. Med strykesekstetten Verklärte Nacht (1899) byrja Schönberg sin musikk å vekke oppsikt. Musikken var prega av lange melodiske linjer, dissonansar og kromatikk og mange modulasjonar. Ved eitt høve blei han nekta å framføre ein komposisjon av di han inneheldt ein dissonans som ikkje fanst i lærebøkene.

I eitt av dei mest kjende verka hans, Pierrot Luinaire (den månesjuke Pierrot), går han enda lenger i å fjerne seg frå tonaliteten. Han utvikla òg ein ny type song kalla Sprechgesang (talesong) i samband med dette verket.

Etter kvart blei stilen meir eksperimentell og atonal. Musikken hans blei gjort fri frå toneartar, og han skreiv utan faste forteikn. Han kalla denne musikken pantonal. Ut frå dette sprang tolvtonestilen hans som seinare utvikla seg til å bli Den andre wienerskulen. Denne retninga er representert av komponistar som Alban Berg og Anton Webern.

Tolvtonemusikk blir i korte trekke kjenneteikna ved at ei kvar kjensle av eit tonalitetssenter er fjerna. Schönberg eksperimenterte lenge med å basere komposisjonane på spennet mellom ein friare tonalitet og desto strengare former, før han i 1923 fullførte sin Suite for Piano (Op. 25). Det er først i dette verket at vi får eit heilskapleg bilde av den reine tolvtonemusikken. Hovudprinsippet, som alle dei 6 stykka er bygde opp etter, er at komponisten følgjer ei tonerekke med alle 12 tonane i ein kromatisk skala, sette saman i ei bestemt rekkefølgje. Desse kan og vendast på; den kan omvendast heilt eller delvis, snus på hovudet eller transponerast, så lenge alle tolv tonane er brukte éin gong før neste rekke byrjar. Schönberg utarbeidde òg eit eige sett satslære- og komposisjonsreglar til bruk i tolvtonemusikken.

I Noreg har særleg Fartein Valen adoptert dei musikalske idéane hans.

Hovudverk[endre | endre wikiteksten]

  • Strykekvartett i D, (1897)
  • Zwei Lieder, op. 1, (1897)
  • Vier Lieder, op. 2, (1899)
  • Verklärte Nacht, op. 4, (1899)
  • Pelleas et Melissande, op. 5, (1903)
  • Strykekvartett nr. 1 i d-moll, op. 7, (1905)
  • Kammersymfoni nr. 1 i E-dur, op. 9, (1906)
  • Strykekvartett nr. 2, op. 10, (1907)
  • Drei Klavierstücke, op. 11, (1909)
  • 15 Gedichte aus Das Buch der hängenden Gärten, op. 15, (1908/9)
  • Fem orkesterstykker, op. 16, (1909)
  • Erwartung, op. 17, (1909)
  • Gurrelieder (1901/1911)
  • Pierrot Lunaire, op 21, (1912)
  • Klaverstykker, op. 23, (1920-23)
  • Serenade, op. 24, (1920-23)
  • Klaversuite, op. 25, (1921)
  • Blåsekvintett, op. 26, (1924)
  • Suite, op. 29, (1925)
  • Variasjoner for orkester, op. 31, (1926)
  • Strykekvartett nr. 3, op. 30, (1927)
  • Von heute auf Morgen, op. 32, (enakters opera) (1928-29)
  • Cellokonsert etter Monn, (1932-33)
  • Strykekvartett nr. 4, op. 37, (1936)
  • Jacobsleiter, (1917/22/44) (ufullført),
  • A Survivor from Warsaw, op. 46, (1947)
  • Dreimal Tausend Jahre, op. 50A, (1949)
  • De Profundis, op. 50B, (1950)
  • Moderen Psalmen, op. 50C, (1950)

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Stavemåten på etternamnet endra han til Schoenberg etter at han fekk amerikansk statsborgarskap i 1941

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Arnold Schönberg
Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Arnold Schönberg