Hopp til innhald

Aust-Telemark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Aust-Telemark er ein kommuneregion aust i det tidlegare Telemark fylke som er samansett av dei seks kommunane Nome, , Sauherad, Notodden, Hjartdal og Tinn. Regionen har om lag 36200 innbyggjarar og til saman eit landareal på kring 4800 kvadratkilometer.

Dei største sentra i Aust-Telemark er , Notodden og Rjukan.

Kommunane i Aust-Telemark

Til Aust-Telemark reknast seks kommunar:

Nr Namn Folketal Flatevidd km² Målform
0807 Notodden kommune Notodden 12 390 856 Nøytral
0819 Nome kommune Nome 6 527 389 Nøytral
0821 Bø i Telemark 5 595 260 Nynorsk
0822 Sauherad kommune Sauherad 4 270 292 Nøytral
0826 Tinn kommune Tinn 6 022 1 858 Nøytral
0827 Hjartdal kommune Hjartdal 1 587 741 Nynorsk

Kommunane Bø, Nome og Sauherad profilerer seg som Midt-Telemark.
Søre del av Nome kommune, tidlegare Holla kommune vart rekna til Grenland.