Notodden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Notodden
stad
Land  Noreg
Fylke Telemark
Kommune Notodden
Areal 7,16 km²
Folketal 9 071  (2023)
Folketettleik 1 267 / km²
Postnummer 3672 NOTODDEN
Innbyggjarnamn notodding
Preposisjon Notodden
Kart
Notodden
59°33′34″ N 9°15′31″ E
Wikimedia Commons: Notodden (city)

Notodden er ein by og administrasjonssenter i Notodden kommune i Telemark med 9 071 innbyggjarar per 1. januar 2023. Byen ligg på begge sidene av Tinnåa som renn ut i Heddalsvatnet. Byen er viktig i norsk industrihistorie som utgangspunkt for Norsk Hydro og kunstgjødselproduksjon. I 2015 blei industriområda frå tidleg 1900-tal innskrivne på UNESCO si verdsarvliste, saman med tilsvarande anlegg på Rjukan.[1]

Notodden er eit handelssenter for Aust-Telemark og vart tidleg ein skuleby. I dag har byen to vidaregåande skular og Høgskolen i Telemark med avdeling for lærarutdanning og førskolelærarutdanning med 1400 studentplassar. Notodden lufthamn er næraste flyplass og ligg om lag 5,5 km frå byen.

Lokalavisa er Telen, som har kontora sine på Notodden. Avisa dekkjer òg kommunane Hjartdal og Sauherad .

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Admini, det første administrajonsbygget til Norsk Hydro frå 1906

Industrien fekk sitt første fotfeste ved Tinnåa med sagbruk, mølle, stampe, skipsbyggeri og seinare tresliperi. Notodden Calsium Carbid A/S vart sett i gang i 1899 og Notodden Salpeterfabrikk i 1904-05, då Kristian Birkeland og Sam Eyde bygde den første forsøksfabrikken for produksjon av kunstgjødsel. Industrieventyret til Norsk Hydro byrja på Notodden. Tinfos Jernverk vart skipa i 1910. Notodden vart kjøpstad i 1913. Samstundes med industrianlegga gjorde rallaren (anleggsarbeidaren) sin innmarsj, og han har fått sitt minnesmerke i Rallarparken i form av ein stor statue laga av Dyre Vaa. Fleire rallarar og arbeidarar vart fastbuande i byen, og folkemengda hadde ei kraftig auke på 849 til over 5000 innbyggjarar frå 1900 til 1912.

I Grønnbyen kan ein sjå bustader til arbeidarane frå den tidlege tida til Norsk Hydro. Her har Notodden Historielag innreidd ein arbeidarbustad slik dei var omkring 1915 og på Villamoen ligg funksjonærbustader frå same tid. Admini, praktbygget til Norsk Hydro er teikna av arkitekt Henning Cloumann. Norsk Extruding, det første føretaket i Noreg som ekstruderte plast og landets einaste kunstsilkefabrikk låg også her.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Publikum ved Notodden Blues Festival 2009

Notodden Blues Festival, den leiande bluesfestivalen i Noreg, har vore arrangert årleg i byen sidan 1988 i den første veka av august. Fleire av konsertane finn stad i eller utanfor nedlagde industrilokale på Notodden. Sidan 1991 er bluesprisen til festivalen vorten utdelt. Det vert også arrangert blues-workshops og blues-seminarar for musikarar og andre interesserte.

Heddal stavkyrkje frå 1200-talet, restaurert 1952–54, er den største i landet og ligg fem km vest for byen. Notodden kyrkje er ein basilika i tegl frå 1938 med altertavle av Henrik Sørensen. Bolkesjø sør for Blefjell har lange tradisjonar som skysstasjon og overnattingsstad. Turisttog trafikkerer jernbanestrekninga Notodden–Tinnoset og kanalbåten M/S Telemarken trafikkerer Telemarkskanalen frå Notodden til Lunde i Nome i sommarhalvåret. Heddal bygdetun er eit friluftsmuseum med me.a. ei samling av hus frå 1500- til 1900-talet i tillegg til treskurd- og bunadsutstilling. Telemarksgalleriet har faste utstillingar heile året.

Notodden Fotballklubb spela i 2. divisjon avdeling 2 i 2020.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling på Notodden
År Innbyggjarar
1890
  
478
1900
  
849
1910
  
4 918
1920
  
6 533
1930
  
6 306
1946
  
6 174
1950
  
6 768
1960
  
7 904
1970
  
8 832
1980
  
8 813
1990
  
8 287
2000
  
8 193
2009
  
8 474
2012
  
8 762
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar

Tala 1920 viser til Notodden bykommune
Tala 1930-1960 viser til Notodden bykommune og forstaden Høybøkåsa i Heddal kommune

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Notodden