Austerfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Austerfjorden er ein fjordarm av Gullesfjorden i Kvæfjord kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 6 km sørover til Botnjorda i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Limneset i nord og Hella i sør. Revsnes ligg på nordaustsida like innanfor innløpet. Frå her går det ferje over til Flesnes på vestsida av Gullesfjorden. Frå Revsnes går fjorden generelt rett sørover. Melåa er ei anna bygd som ligg på austsida litt lenger inn i fjorden.

Fylkesveg 104 går langs austsida av fjorden.