Austre Åmøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Austre Åmøy er den austlegaste delen av øya Åmøy i Rogaland, og utgjer ein del av Tasta bydel i Stavanger kommune. Austre Åmøy er eigen valkrins.

Arealet er 3,68 km² og folketalet er 235 innbyggjarar (2005). Samband til resten av Stavanger skjer gjennom Rennfast og Randaberg.

På Austre Åmøy finst Rogaland sin største konsentrasjon av helleristningsfelt.