Austroasiatiske språk
Austroasiatiske språk | ||
Klassifisering: | austroasiatisk | |
Vidare inndeling: | ||
Område: | Sør- og Søraust-Asia | |
ISO 639-5: | aav |
Austroasiatiske språk er ein språkfamilie i Søraust-Asia og det nordaustlege India. Namnet kjem frå greske ordrøter og tyder Sør-Asia. Dei austroasiatiske språka blir ikkje snakka i ein samanhengande region, fordi han vert splitta opp av andre språk og språkfamiliar. Sannsynlegvis høyrer talarane av austroasiatiske språk til ein veldig gammal folkesetnad i Sør- og Søraust-Asia, og talarane av dei andre språka har kome til regionen seinare. Blant desse er talarar av indoeuropeiske språk, tai-kadai-språk og sinotibetanske språk.
Inndeling av dei austroasiatiske språka
[endre | endre wikiteksten]Det er fleire framlegg til inndeling av dei austroasiatiske språka. Eitt kjem frå Ilja Peiros, som går inn for ei tredeling, i nikobaresisk, munda og mon-khmer. Eit anna kjem frå Gérard Diffloth (2005), som også held munda for seg, men som skil ut ei eiga nordleg mon-khmer-gruppe, og lèt nikobaresisk vere ein del av mon-khmer. Ethnologue følgjer Diffloth. Peiros si inndeling er basert på den leksikostatistiske metoden (graden av språkslektskap er proporsjonal med graden av slektskapsord i dei moderne orda), dette er ein kontroversiell metode. Paul Sidwell (2009) viser at den leksikostatistiske metoden faktisk gjev større skilnader internt i kvar potensielle undergruppe enn undergruppene i mellom. Basert på den historisk-komparative metoden viser han at det ikkje er grunnlag for å gruppere nokre av dei tretten ukontroversielle grupene saman, og han går derfor inn for ein flat kam-lik struktur. I seinare arbeid går han nærare inn på delar av familien og argumenterer for at khasispråka og dei palaungiske språka har eit felles urspråk.
- Munda
- Khasisk-palaungisk
- Khmuisk
- Pakanisk
- Vietisk
- Katuisk
- Bahnarisk
- Khmer
- Pearisk
- Nikobaresisk
- Aslisk
- Monisk
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ethnolog sitt oversyn over austroasiatiske språk
- Kart over utbreiinga til dei austroasiatiske språka.[daud lenkje]
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Paul K. Benedict, Austro-Thai Language and Culture. New Haven: HRAF Press, 1975. ISBN 0-87536-323-7 (Om den austriske og austro-thai-hypotesen)
- Daladier, Anne 2011: The group Pnaric-War-Lyngngam And Khasi as a branch of Pnaric Arkivert 2016-07-23 ved Wayback Machine., Journal of the Southeast Asian Linguistics Society 4.2:169-206.
- Robert Parkin, A Guide to Austroasiatic Speakers and Their Languages. (Oceanic Linguistics Special Publication; 23). Honolulu: University of Hawaii Press, 1991. ISBN 0-8248-1377-4
- Peiros, Ilia J. 2004. Genetičeskaja klassifikacija avstroaziatskix jazykov. Moskva: Rossijskij gosudarstvennyj gumanitarnyj universitet (dissertacija)
- Sidwell, Paul 2010: The Austroasiatic central riverine hypothesis. Journal of Language Relationship • Вопросы языкового родства 4 (2010), Pp. 117–134
- Sidwell, Paul 2011: Proto-Khasian and Khasi-Palaungic Arkivert 2016-07-23 ved Wayback Machine. Journal of the Southeast Asian Linguistics Society 4.2:144-168.