Sinotibetanske språk
Utsjånad
| Sinotibetanske språk | ||
| Klassifisering: | Sinotibetansk | |
| Vidare inndeling: | ||
| Område: | Aust-Asia (Tibet, Kina, Taiwan, India, Pakistan, Nepal, Bhutan, Bangladesh, Burma, Thailand, Laos, Vietnam) | |
| ISO 639-5: | sit | |
|
| ||
Sinotibetanske språk er ein språkfamilie som femner over 350 språk i det austlege Asia. Berre indoeuropeiske språk har fleire talarar.
Familien kan delast inn i desse språkgruppene:
- Sinittiske språk, som omfattar kinesiske språk
- Tibetoburmesiske språk, som igjen vert delte inn i tibetanske og burmesiske språk
Mange av dei sinotibetanske språka er tonale. Dei fleste kinesiske språka er analytiske språk (bygde opp av einstavingsord) medan mange tibetanske språk er agglutinerande.