Autodidakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Leonardo da Vinci var på fleire område autodidakt.

Ein autodidakt (frå gresk autodídaktos, «sjølvlært») person er sjølvlært og har inga formell utdanning innan det faget vedkomande utfører. Særleg ofte kallar utøvarar seg autodidakte innan kunst, musikk, litteratur, skodespel og handverk. Dessutan kan enkelte fag vere så smale at ei eigentleg utdanning ikkje eksisterer.

Ordet autodidakt vert av og til oppfatta som negativt ladd, sidan det kan forbindast med ein person som ikkje er utdanna i tradisjonell forstand.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.