Automatikkmekanikar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Automatikkmekanikar er eit fag som kombinerer mekanikk og automatisering. Dette faget er internasjonalt standardisert. I samband med Kunnskapsløftet vart faget slege saman med automatikarfaget.

Fagområde[endre | endre wikiteksten]

Fagområdet til ein automatikkmekanikar strekkjer seg frå maskin-, stålarbeid og mekaniske fag til instrumentering, sekvensstyring og reguleringsteknikk. Dessutan har automatikkmekanikaren kompetanse innan elektroteknikk og elektronikk, og kan jobba på lågspenningsanlegg.

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

Opplæringa i dette faget i Noreg var tre år på yrkesskule og eitt og eit halvt års læretid i godkjent lærebedrift, som vart avslutta med ein fagprøve. Faget vart oppretta etter nedlegging av linene for automatiseringsmontør og automatiseringsmekanikar, i Reform 94. Faget likna svært mykje på det tidlegare automatikarfaget, som var rekna som eit elektrofag. Dei siste lærlingane i automatikkmekanikarfaget var ferdige med læretida i 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]