Elektronikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Innsida av ein USB datapinne

Elektronikk er eit elektrofag som kombinere aktive-, som transistorar og[[Integrert krins|integrerte krinsar, med passive komponentar, som motstandar, kondensatorar, diodar, etc., for å realisera ulike funsksjonar. Elektronikk og elektronisk utstyr vert nytta til å laga og handsama analoge- og digitale signal og for å kommunisera med andre einingar. Elektronikk dannar mykje av grunnlaget for det moderne informasjonssamfunnet.

Ulike former elektronikk[endre | endre wikiteksten]

Ein brukar å skilja mellom analog og digital elektronikk:

Analog elektronikk gjer seg nytte av kontinuerlege endringar i straum og spenning. Radioar og audioforsterkarar er døme på analog elektronikk. Desse er gjerne bygde opp av passive komponentar som motstandar, kondensatorar og spolar og aktive komponentar som til dømes transistorar og operasjonsforsterkarar. Transistorar og operasjonsforsterkarar har ofte stor spreing i parametre som forsterkning og banddreidd, så det vert ofte nytta negativ tilbakekopling for å kontrollera forsterkning, bandbreidd, osb.

Innan digital elektronikk vert krinsane laga slik at spenninga i krinsen berre kan ha to stabile diskrete verdiar (til dømes 0 og 5 volt) som då tilsvarar dei logiske verdiane '0' og '1'. Digital elektronikk er oppbygd av transistorar. Historisk har det eksistert ulike logikkfamiliar, til dømes TTL og NMOS, men i dag er mest all digital elektronikk basert på CMOS. CMOS-teknologien er samansett av komplementære felteffekttransistorar. Dei komplementære transistorane kan setjast i hop til større byggjeklossar som inverterarar, logiske portar og multipleksarar. Desse byggjesteinane kan på eit høgare nivå setjast i hop til endå større funksjonsblokker som til dømes register, teljar og aritmetiske einingar, som i sin tur kan kombinerast med andre iningar til mikrokontrollerar, grafikkprosessorar, etc. På denne måten har elektronikkonstruktørar mange ulike hierarki av abstraksjonsnivå å halda seg til. Dei ferdige einingane vert implementerte i form av FPGAar eller ASICar.

Elektronikkomponentar[endre | endre wikiteksten]

Med passive komponentar meiner ein komponentar som ikkje tilfører krinsen energi.

Passive komponentar[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel Passiv komponent

Passive komponentar er komponentar som ikkje tilfører energi til krinsen, som motstandar, kondensatorar, brytarar, etc..

Aktive komponentar[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel Aktiv komponent

Med aktive komponentar meiner ein komponentar som kan forsterka signala. Slike komponent har terminalar for ekstern spenningstilkopling, signalterminalar og utgangsterminalar. Signala på inngangsterminalane styrer signala på utgangsterminalane.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Mange universitet og høgskular i landet tilbyr kurs innanfor elektronikk, både på bachelornivå og masternivå. Tidlegare var det høve til å verta høgskuleingeniør og sivilingeniør i elektronikk, men desse titlane er i dag bytte ut med Bachelor i ingeniørfag (3 år etter vidaregåande skule) og Master i ingeniørfag (2 år etter Bachelor).

Ei ufullstendig liste over elektronikkutdanning i Noreg:

Peikar ut[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Elektronikk