Auvers-sur-Oise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kyrkja i Auvers
måla av Vincent van Gogh.

Auvers-sur-Oise er ein kommune i departementet Val-d'Oise i Frankrike. Auvers-sur-Oise ligg i dei nordvestre forstadane til Paris, om lag 27 km frå Paris sentrum. I 2004 var det 6938 personar heimehøyrande i kommunen, som dekkjer eit areal på 12,69 km².

Auvers er særleg kjend for at målaren Vincent van Gogh ligg gravlagd der. Før han døydde laga han fleire måleri med motiv frå staden.

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Auvers-sur-Oise
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.