Aux Armes et cætera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aux Armes et cætera er eit album av Serge Gainsbourg frå 1979. Gainsbourg skreiv tekst og musikk til alle songange, bortett frå «Aux Armes et cætera», der han brukte nasjonalsongteksten til Rouget de l'Isle, og «Vieille Canaille», som Sam Theard og Jacques Plante hadde skrive.

«Aux Armes et cætera»[endre | endre wikiteksten]

Tittelsporet «Aux Armes et cætera» er ein reggaeversjon av den franske nasjonalsongen «La Marseillaise», laga av Serge Gainsbourg, Robbie Shakespeare, Sly Dunbar og Rita Marley. Songen vart spelt inn på Jamaica i 1978.

Framføringa av songen 1. april 1979 på fjernsynsprogrammet Top Club Dimanche førte til stort oppstyr, både fordi Gainsbourg rørte ved nasjonalsongen og fordi reggae var ei nokså ukjend musikkform i Frankrike.

Spor[endre | endre wikiteksten]

  1. Javanaise Remake - 3:05
  2. Aux armes et cætera - 3:05
  3. Les Locataires - 2:09
  4. Des Laids Des Laids - 2:36
  5. Brigade Des Stups - 1:57
  6. Vieille Canaille - 3:02
  7. Lola Rastaquouère - 3:40
  8. Relax Baby Be Cool - 2:30
  9. Daisy Temple - 3:53
  10. Eau Et Gaz A Tous Les Etages - 0:37
  11. Pas Long Feu - 2:33
  12. Marilou Reggae Dub - 3:48
    Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.