Averser Rhinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 46°34′59″N 9°25′20″E
Averser Rhinen
elv
Averser Rhein im Ferreratal 1827.jpg
Averser Rhinen i Val Ferreradalen, litografi frå 1827
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Graubünden
Tilløp
 - venstre Bergalgabach
 - høgre Jufer Rhind
Nedslagsfelt 261 km²
Vassføring
 - middel 11,5 /s
Kjelde Samløpet til Bergalgabach og Jufer Rhinen
 - høgd 2 500 moh
 - koordinatar 46°24′3″N 9°32′56″E
Munning Hinterrhein
 - stad i Andeer
 - koordinatar 46°34′59″N 9°25′20″E

Averser Rhinen (tysk Averser Rhein, retoromansk Ragn da Ferrera) er ei sideelv til Hinterrhein i sveitsiske kantonen Graubünden.

Løp[endre | endre wikiteksten]

Kjelda til Jufer Rhinen ved Juf, den høgastliggande permanent busette busetnaden i Europa.

Elva spring ut i Avers ved samløpet mellom Bergalgabach og den mindre Jufer Rhinen. Jufer Rhinen spring ut i, og er kalla opp etter, Juf, den høgastliggande permanent busette busetnaden i Europa, nær grensa til Albula. Frå kjelda renn Averser Rhinen med gjennom ei djup kløft, der den 80 meter høge Lezibrua kryssar. Ved botnen av dalen, møter ho den noko mindre Madrish Rhinen.

Etter nokre kilometer møter ho frå venstre Reno di Lei, som nesten berre renn over italiensk jord. Lago di Lei-reservoaret ligg òg på italiensk side, bortsett frå demninga som har skapt reservoaret, som står på sveitsisk side.

Averser Rhinen held fram gjennom Val Ferrera-dalen. Her ligg den øvre landsbyen Innerferrera (retoromansk Calantgil), der elva er demd opp, og dannar Innerferrerareservoaret sidan 1961. Nedanfor ligg Ausserferrera (retoromansk Farera), der bredalen er omgjeven av bratte heng. Averser Rhinen munnar ut i Hinterrhein i Roflaschlucht oppfor Andeer.

Vegen i Ferraradalen er ein cul de sac.

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Sideelvar frå venstre[1][endre | endre wikiteksten]

  • Bergalgabach (største kjelda til Averser Rhinen)
  • Madrish Rhinen (retoromansk Ägua da Madris)
  • Reno di Lei
  • Ual da Niemet

Sideelvar frå høgre[1][endre | endre wikiteksten]

  • Jufer Rhinen
  • Maleggabach
  • Ava da Starlera
  • Ava da Mulegn
  • Aua Granda

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Landeskarte der Schweiz 1:25000