Sveits

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Schweizerische Eidgenossenschaft
Confédération suisse
Confederazione Svizzera
Confederaziun svizra
Confoederatio Helvetica

(norsk: Sveits, sveitsisk)

Det sveitsiske flagget Det sveitsiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Schweizerpsalm»
Motto Unus pro omnibus, omnes pro uno (Ein for alle, alle for ein)
Geografisk plassering av Sveits
Offisielle språk Tysk, fransk, italiensk, retoromansk
Hovudstad Bern
Styresett
Forbundsrepublikk
Alain Berset,
Didier Burkhalter (visepresident 2013),
Doris Leuthard,
Ueli Maurer (fordbunspresident 2013),
Johann Schneider-Ammann,
Simonetta Sommaruga,
Eveline Widmer-Schlumpf
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
41 277 km² (133.)
3,7 %
Folketal
 – Estimert (2015)
 – Tettleik
 
8 121 830 (96.)
196,8 /km² (48.)
Sjølvstende
frå Det tysk-romerske riket
24. oktober 1648
Nasjonaldag 1. august
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
482 700 mill. USD (39.)
66 800 USD (12.)
Valuta Sveitsisk franc (CHF)
Tidssone UTC +1
Telefonkode +41
Toppnivådomene .ch


Det sveitsiske eidssambandet eller berre Sveits (tysk: Schweizerische Eidgenossenschaft eller Schweiz, fransk: Confédération suisse eller Suisse, italiensk: Confederazione Svizzera eller Svizzera, retoromansk: Confederaziun svizra eller Svizra) er eit land i Europa. Landet grensar mot Tyskland i nord, Frankrike i vest, Italia og Austerrike i sør og Liechtenstein i aust. Sveits er eit land med mange språk. Slik er det òg mange namn på landet. På tysk er namnet Schweizerische Eidgenossenschaft, fransk Confédération suisse, italiensk Confederazione Svizzera, retoromansk Confederaziun svizra og på Latin Confoederatio Helvetica). Namnet Schweiz kjem av ei høgalemanniske form av namnet på kantonen Schwyz, etter kvart vart namnet nytta på heile eidssambandet Sveits.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Sveitsisk geografi.
Fysisk kart over Sveits

Sveits strekkjer seg nord og sør for Alpane og har eit særs variert landskap og klima innanfor eit avgrensa område på 41 285 km².[1] Innbyggjartalet er om lag 7,7 millionar med ein gjennomsnittleg folketetleik på kring 186 menneske per kvadratkilometer.[1][2][3] Den sørlege halvdelen av landet er meir fjelldominert og langt tynnare folkesett enn den nordlege halvdelen.[1] I den største kantonen Graubünden, som ligg heilt innanfor Alpane, er folketettleiken berre 27 /km².

Matterhornområdet i dei høge Alpane
Platået ved Vierwaldstättersee

Sveits ligg mellom 45 og 48 grader nrod og 5 og 11 grader aust. Det består hovudsakleg av tre topografiske område: Dei sveitsiske Alpane i sør, Det sveitsiske platået eller mellomlandet, og Jurafjella i nord. Alpane er ei høg fjellkjede som kryssar den sentrale og sørlege delen av landet og utgjer 60 % av det totale arealet. I dei høge dalføra i Alpane finn ein mange isbrear og totalt utgjer dei kring 1000 kvadratkilometer. Desse isbreane er kjelda til fleire store elvar, som Rhinen, Inn, Ticino og Rhône, som renn i fire forskjellige retningar gjennom heile Europa. Det hydrografiske nettverket omfattar fleire av dei største innsjøane i Sentral- og Vest-Europa, som Genfersjøen, Bodensjøen og Lago Maggiore. Sveits har meir enn 1500 innsjøar og 6 % av ferskvassreservane i Europa ligg her. Innsjøar og isbrear dekkjer om lag 6 % av landet.[1][4][5]

Om lag hundre av fjelltoppane i Sveits stig over 4000 meter over havet.[6] Med ei høgd på 4634 moh er Dufourspitze det høgaste fjellet, men Matterhorn (4478 moh) er nok meir kjend. Begge ligg i Wallis-Alpane i kantonen Valais. I Bern-Alpane oppfor den breforma Lauterbrunnendalen finn ein 72 fossar, dei velkjende fjella Jungfrau (4158 moh) og Eiger, og mange vakre dalar. I søraust ligg den lange dalen Engadin med St. Moritz-området i kantonen Graubünden. Det høgaste fjellet i dei nærliggande Bernina-Alpane er Piz Bernina (4049 moh).[7]

Den meir folkerike nordlege delen av landet utgjer 30 % av landet og vert òg kalla Mellomlandet. Dette området er meir ope og åslendt, delvis skogkledd og delvis med opne enger, men er framleis forholdsvis kupert. Dei største innsjøane finst her i tillegg til dei største byane i Sveits.[7] Den største innsjøen er Genfersjøen (Lac Léman på fransk), vest i Sveits. Rhône renn både inn og ut av Genfersjøen.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Matterhorn

Alpane i den sørlege halvdelen av Sveits har alt og seie for klimaet her. Nordsida av Alpane er ofte utsett for dei same kuldebølgjene ein har i Sør-Tyskland, medan sørsida ofte kan få mild middelhavsluft og forholdvis fine temperaturar. Nordsida har som regel meir regn eller snø, og mindre sol enn den sørvendte sida som har meir sol og mindre, men ofte meir intense byger. Alpane er eit mekka for skisportinteresserte, og vinterlågtrykk frå både Middelhavet og Atlanterhavet kan gje store mengder snø i desse fjellområda.

Det kaldaste området i Sveits ligg derimot ikkje i Alpane men i La Brévine (som òg vert kalla det sveitsiske Sibir), lengst nordvest i landet i ein av dalane rundt Jurafjella på grensa til Frankrike. Her samlar det seg opp kaldluft om vinteren, og det kaldaste som er målt i Sveits er -42 °C i dette området i januar 1987. Kaldt er det òg i Mittelland, som ligg mellom Jurafjella og Alpane. Dei fleste storbyane finn ein i dette området. Kaldluft frå Sibir strøymer med den nordaustlege vinden kalla «bise» inn i dette lågareliggande områda, og ein kan ha bitande kulde i fleire veker i strekk, i tillegg til tåke og lett snø. I høgda, frå om lag 1000 m og oppover, er derimot ofte samtidig sol og mykje høgare temperaturar, gjerne 10 °C eller høgare. Mindre dalar i Alpane er verna frå bisevinden, og kan ha nokså tørre og milde forhold, men det kan bli kaldt om nettene. Av og til bles fønvinden nordover og gjev stigande temperaturar og svært tørre forhold. Den relative fukta kan bli lågare enn 10 % i slike tilfelle, men vindstyrken kan bli over 38 m/s i dalar som ligg i nord-sør retning. Vinden vert derimot ofte mykje svakare før den når ned til områda der folk bur. Episodar med fønvind er vanlegast om hausten og våren.

Som i andre fjellområde er sommaren høgtid for torevêr. Alpane og Jurafjella får torebyer om lag kvar ettermiddag. Ein har likevel rikeleg med sol innimellom bygene, og dei sentrale dalane i Alpane er ofte tørre.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Sveits er nøytralt. Landet har eit 500 000 mann sterkt forsvar; Den sveitsiske nasjonalmilitsen omfattar så godt som alle menn i landet mellom 20 og 40.

I 2. verdskrigen skaut det sveitsiske luftvernet ned både tyske og allierte krigsfly som flaug over landet.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Sveitsarar står bak fleire moderne oppfinningar, som rayon, cellofan, borrelåsen, lommekniven og mjølkesjokolade. Men trass i det kjende sitatet av Orson Welles i filmen Den tredje mann frå 1949, er ikkje gaukuret ei sveitsisk oppfinning – det er tysk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Geography swissworld.org,
  2. «Landscape and Living Space». Federal Department of Foreign Affairs. Federal Administration admin.ch. 2007-07-31. http://www.eda.admin.ch/eda/en/home/reps/ocea/vaus/infoch/chgeog.html. Henta 10. mars 2012. 
  3. A zoomable map of Switzerland is available at either swissinfo-geo.org or swissgeo.ch; a zoomable satellite picture is at map.search.ch.
  4. Physical Geography of Switzerland bfs.admin.ch.
  5. Ice volume of Switzerland's glaciers calculated sciencecentric.com.
  6. Landscape and climate cp-pc.ca.
  7. 7,0 7,1 Herbermann, Charles George (1913). The Catholic Encyclopedia. Encyclopedia Press. s. 358. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.