Avis i Skolen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Avis i Skolen er eit utdanningsprosjekt som vart etablert i 1970 av Norske Avisers Landsforening, som i dag heiter Mediebedriftenes Landsforening (MBL).

Avis i Skolen var både ein undervisingsmetode og eit middel i undervisinga til å auka kunnskapane til elevane og interesser for nyhendestoff.

Målet var å auka interessa for og nytta av aviser blant barn og unge i grunnskulen og dei vidaregåande skulane. Dei ynskte òg å gjera ungdom vant til å lesa avis, og det vart oppfordra til å bruka avis som hjelpemiddel i undervisinga.

Dei fleste MBL-medlemmane har ein eigen Avis i Skolen-kontaktperson som er ansvarleg for tiltak i eiga avis.

Avis i Skolen har 35 instruktørar rundt i landet som arrangerer kurs for opptil 7 500 lærarar og foreldre i året.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]