Avola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn over Avola

Avola er ein by og ein kommune i provinsen Siracusa i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har 31 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 74,3 km². Byen Avola ligg 40 meter over havet, nær kysten mot det joniske hav, 27 km sørvest for provinshovudstaden Siracusa.

I hovudsak arbeider ibuarane i industrien og i landbruket. Avola er eit sentrum i mandeldyrkinga. Staden er elles kjend for Nero d’Avola, ein svartaktig druesort som vert mykje dyrka i Sør-Italia.

Gamlebyen Avola vart fullstendig øydelagd i eit jordskjelv i 1693. Dagens Avola vart bygd frå grunnen, åtte killometer unna gamlebyen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]