Mandel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For mandlane i svelget hjå menneske, sjå Tonsill.
Mandel
Almendro en flor4.JPG
Mandeltre i Spania
Vitskapleg namn
Prunus dulcis
(Mill.) D.A. Webb
Synonym: Prunus amygdalus
Amygdalus communis
Utbreiing
Utbreiing: Opphavleg Sentral-Asia, no utbreidd i Midtausten og område med middelhavsklima
Systematikk
Rike: Plantae
Divisjon: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Rosales
Familie: Rosaceae
Slekt: Prunus
P. dulcis

Mandel er frukta av mandeltreet (Prunus amygdalus) i rosefamilien. Mandel er eigentleg ei steinfrukt, men blir gjerne rekna som ei nøtt. Mandlar er ein viktig ingrediens i fleire typar mat, som marsipan, bakverk som kransekake og omforma til mandelmjølk og mandelolje. Sistnemnde har fleire bruksområde.

Mandeltreet stammar opphavleg frå Sentral-Asia, men veks no både dyrka og forvilla i dei fleste middelhavslanda.

Det har enkle blomar som typisk kjem før blada og er kvite eller rosa (søtmandel). Fruktkjøtet er seigt og lêraktig, lòdent og med ein gul stein som inneheld éin eller to mandlar (sistnmende er kjend som «filipine»). I Sør-Europa gjev eit tre ca. 25 kg frukt om året. Viltveksande tre (P. amygdalus var. amara) kan ha frø som smakar bittert, bittermandel. Dette kan brukast til å laga bittermandelvatn.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Mandel: botanikk» (17. januar 2014), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 19. januar 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne biologiartikkelen som har med mat å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.