Ayla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ayla
Fødd 7. november 1966 (54 år)
Baden-Württemberg
Yrke electronic musician, DJ, komponist, låtskrivar, musikkprodusent

Ingo Kunzi (fødd 7. november 1966), betre kjend under artistnamnet Ayla, er ein tysk DJ og trance-musikar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I byrjinga av DJ-karrieren kalla Kunzi seg DJ Tandu, og han gav ut debut-EP-en Acido EP under dette namnet. Han tok kvinnenamnet Ayla som artistnamn i 1995, sjølv om han utover 1990-åra framleis gav ut singlar som DJ Tandu. I 1996 gav han ut singelplatene Atlantis og Ayla. Låta med same namn vart populær i mange land, også i Noreg, og hamna på 22. plass på den britiske singellista. Dessutan vart ho brukt som filmsoundtrack, og ho var med i ein fjernsynsreklame.

Neste singel frå Kunzi som også vart populær, kom i 1998 under namnet Ayla Part II. På fleire Ayla-låtar vart det brukt ei damestemme i musikken, og i Ayla Part II kunne ein høyra ei damestemme som seier «Ayla». [1] Same året kom Liebe, som var ein remix av ein låt av technoartisten Cosmic Baby. Året etter gav han ut singlane Into the Light og Angelfalls.

I 1999 gav Ayla ut si fyrste plate, Nirwana. Denne selde til gull i to land; Noreg og Singapore. Etter denne utgjevinga gav Ingo Kunzi ut nokre singlar til, før han tok ein pause med Ayla-prosjektet. I 2010 gjorde han eit lite comeback som Ayla med singelen Ayla 2010, og i 2011 gav han ut albumet Unreleased Secrets. Ingo Kunzi har også vore med på mange samarbeidsprosjekt med andre DJs.

Diskografi som Ayla[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • Atlantis (1996)
  • Ayla (1996)
  • Ayla Part II (1998)
  • Liebe (1998)
  • Angelfalls (1999)
  • Into the Light (1999)
  • Liebe/ Sunday (1999)
  • Singularity/ Brainchild (2000)
  • Sun is Coming Out (2002)
  • Ayla 2010 (2010)

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Nirwana (1999)
  • Unreleased Secrets (2011)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]