Ayub Khan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ayub Khan

Føddایوب خان
14. mai 1907
Haripur, Rehana
Død19. april 1974 (66 år)
Statsborgar avBritisk India, Pakistan
Yrkepolitikar, militær, investor, sjølvbiograf
Utdanna vedAligarh muslimske universitet
Royal Military College, Sandhurst
Command and Staff College
Minto Circle
BarnGohar Ayub Khan
VervPresident av Pakistan 27. oktober 1958-25. mars 1969
FøregangarIskander Mirza
EtterfylgjarYahya Khan
Alle verv
  • President i Pakistan (1958–1969)
  • Pakistans forsvarsminister (1958–1966)
  • Commander in Chief (Pakistan Army) (1951–1958)
  • Pakistans statsminister (1958–1958)
  • Federal Minister of the Interior of Pakistan (1965–1965)
  • Pakistans forsvarsminister (1954–1955) Sjå dette på Wikidata

Mohammad Ayub Khan, som regel berre kalla Ayub Khan (14. mai 190719. april 1974), var ein pakistansk offiser og president i Pakistan frå 1958 til 1969.

Ayub Khan var fødd i Haripur i Khyber Pakhtunkhwa. Han var pasjtunar, og far hans var risaldar-major ved eit kavaleriregement i den britisk-indiske hæren. Sjølv var Ayub Khan elev ved Sandhurst i England, og blei offiser i 14th Punjab Rifles.

General Ayub Khan blei den første innfødde hærsjefen i Pakistan då han etterfølgde briten Douglas Gracey i stillinga i januar 1951.

Han blanda seg inn i pakistansk politikk, og kunne leggja ned veto mot politiske avgjerder om dei påverka interessene til hæren. I 1958 bestemte han og ei gruppe medhjelparar seg for å avsetja dei sivile politikarene og gje landet «stabilitet» gjennom eit militærkupp.

Under styret til Ayub Khan blei det gjennomført ein stor jordreform. Pakistan fekk ein ny grunnlov som tredde i kraft i 1962, men makta blei verande hjå Ayub Khan. Utanrikspolitisk søkte Ayub Khan støtte hjå USA, som fekk oppretta militære basar i Pakistan. Krigen mellom Pakistan og India i 1965 undergrov stillinga til Ayub Khan (sjølv om han utnemnde seg sjølv til feltmarskalk), og i 1968 overgav han makta til hærsjefen Yahya Khan.

Ayub Khan døydde i Islamabad i 1974.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]