Bærplukkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bærplukkar av tre.

Bærplukkar er ein reiskap som vert nytta for å plukka skogsbær, som tyttebær og blåbær. Ein bærplukkar har eit gitter av ståltråd som vert ført under bæra og som riv dei laus når bærplukkaren vert ført over lyngen. Bæra dett ned i ein oppsamlingskasse som tek frå 1/2 til ein liter. Etter som det vert samla bær i plukkaren vert dei tømt over i eit spann. Tidlegare vart kassen på bærplukkarar laga av tre, men i dag er det vanleg han er laga av plast.