Børøy på Bømlo
Utsjånad
(Omdirigert frå Børøy)
- Sjå òg Børøya, ei øy i Hadsel kommune.
Børøy på Bømlo | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Børøyfjorden |
Koordinatar | 59°42′34″N 05°15′43″E / 59.70944°N 5.26194°E
|
Høgaste punkt | Mastradalshaugen (88 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Hordaland
|
Børøy er ei øy som ligg mellom Bømlo i vest og Moster i aust, og har gardsnummer 2 i Bømlo kommune. Børøya har samband til Bømlo med bru over Nautsundet, og grensar der til garden Bjørnevik. Garden Børøy omfatta òg Ulvesøy, som ligg nord for Børøy. Børøy er skild frå Moster av Børøyfjorden.
Første gong staden er dokumentert omtalt, var i ein salskontrakt som vart underskriven på Børøya i 1341. Familien som eigde Børøy på 15- og 1600-talet var av lågadeleg slekt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bømlo bygdebok 4 - Gards- og ættesoge for Moster sokn. Simon Steinsbø 1981