Børøyfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg Børrøyfjorden i Nordland.
Utsikt frå Siggjo.
Foto: Vegard Økland

Børøyfjorden er ein 11 km lang sidefjord til Bømlafjorden og Hardangerfjorden i Bømlo kommune. Fjorden ligg litt sør for midten av kommunen mellom øyane Børøy, som fjorden er kalla opp etter, i vest, Moster i aust og sjølve Bømlo i nord og vest.

Fjorden har innløp mellom Totsholmen i aust og Barodden på Midtøya i vest. Frå her strekkjer fjorden seg generelt nordover, men har ei rekkje viker og osar langs heile lengda, i tillegg til fleire små øyar. Like innanfor innløpet ligg Russøya og rett aust for denne igjen ligg delar av tettstaden Moster ved Grindheimvågen. Mosterhamn ligg på andre sida av øya ved Bømlafjorden. Fra Børøyfjorden kjem ein gjennom Tungholmsundet til Håvikosen og Håvikvågen. Frå Håvik inst i Håvikvågen, stig Siggjo rett opp til 474 meter over havet. Ved Tungeholmsundet går Røyksundkanalen som fører nesten 2 km austover til Spyssøysundet og Gassasundet vest for Spyssøy. Vest for Håvik og Siggjo ligg Finnåsvika og inst i vika ligg grendene Finnås og Sakseid. Frå Sakseid går Kulleseidkanalen ut til Trøytarosen, Vornesosen, Hiskosen og sørom Hiskjo ut mot havet. I Finnåsvika ligg Ulvesøya og sør for denne Børøya, som har ei lita grend lengst sør.