Moster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Moster».
For moster i tydinga «mor si syster», sjå tante

Moster
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bømlo
Areal  12 km²
Folketal ca. 1 800  (2023)
Postnummer 5440 Mosterhamn
Innbyggjarnamn mostring
Preposisjon Moster
Kart
Moster
59°42′7″ N 5°20′45″ E

Moster er ei øy søraust i Bømlo kommune i Sunnhordland. Øya har ei flatevidd på 12 km2. Røyksundkanalen skil Moster frå Øya Bømlo. Det var på Moster kong Olav Tryggvason byrja freistnadene på å kristna Noreg, og etter tradisjonen skal han ha reist den fyrste kyrkja i landet her i 995. Moster gamle kyrkje som står i dag, reknar ein med er frå kring 1150. Gamlekyrkja ligg i tettstaden Mosterhamn.

Det var på Mostratinget på Moster i 1024 kong Olav den heilage og bisp Grimkjell sette den sokalla kristenretten - som sidan vart vedteken på dei ymse lagtinga. Slik vart kristendomen til statsreligion i Noreg.

Det årvisse sogespelet Kristkongane på Moster (òg kalla Mostraspelet) av Johannes Heggland har sidan 1984 vorte sett opp i Moster amfi. Handlinga i dette stykket krinsar kring hendingane som førte til kristninga av Noreg. I 1995 var det ei storstilt høgtiding av tusenårsjubiléet for kyrkja i Noreg i samband med Mostraspelet.

Moster kommune 1916-1963[endre | endre wikiteksten]

Moster var frå 1916 til 1963 eit eige herad i Hordaland fylke. Kommunen hadde 1316 innbyggjarar då Finnås kommune vart delt i tre den 1. juli 1916. Samstundes vart òg Bømlo og Bremnes kommunar skipa. Kommunen Moster omfatta øya Moster og den søraustlege delen av øya Bømlo.

1. januar 1963 vart Moster, Bremnes og Bømlo slegne saman til den nye Bømlo kommune. Moster hadde ved samanslåinga 1834 innbyggjarar.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Moster kommune frå 1916 til 1963:

1.7.1916 1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1963
1316 1318 1474 1710 1736 1797 1834

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 Folkemengd i Moster 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå