Børkdalsvegen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Børkdalsvegen er ei ferdselsåre over fjellet mellom Fron i Gudbrandsdalen og Svatsum i Vestre Gausdal. Frå Fronssida går vegen forbi Valsseter med setermuseum og aktivt seterbruk. Vegen passerer sidan vasskiljet og følgjer Dritudalen ned mot Gjelseter og vidare langsmed Håkåsetervatnet. Frå avkjøringa til Børkdalssetrene, går vegen over Svanvollane og følgjer elva Lebba gjennom idylliske skogområde til Enden i Svatsum. Dette er ein privat bomveg med betalingsstasjonar både ved Borgen i Fron og Enden i Svatsum.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]