Bomveg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bomveg.
Bompengefinansiert veg på E6 ved Svinesund i Sverige.
Bomstasjon på E18 i Vestfold.

Ein bomveg er i utgangspunktet ein veg som er stengd med ein bom.

Dei fleste bomvegar er private vegar med lite trafikk, for eksempel skogsvegar som er laga for å frakte ut tømmer. Slike vegar er vanlegvis ikkje dimensjonert for særleg stor trafikk, og blir stengde med ein bom slik at slitasjen på vegen blir avgrensa til eit nødvendig minimum. I kor stor grad desse vegane er opne for annan ferdsel varierer. Nokre er fysisk låst og kan berre brukast av personar som har nøkkel. Andre er ikkje låst, og er tillatne å bruke dersom ein betalar ei avgift når ein passerer bommen.

Somme bomvegar er offentlege eller private vegar meint for allmenn ferdsel, og er ikkje stengde med bom, men har i staden ein bomstasjon der det blir kravd inn ei avgift for bruk av vegen. Slike bomvegar blir også kalla bompengefinansierte vegar. Fleire bompengefinansierte vegar kan danne ein bomring. Bompengefinansierte vegar har ofte ein bom som sperrar vegen inntil avgifta er betalt, men av praktiske årsaker har som regel desse vegane automatiske betalingssystem i eigne filer som ikkje er stengde med bom.

Andre vegar blir finansiert på alternative måtar, som bensinavgift, bilavgift eller alminneleg skatt.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.