Bülent Ecevit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bülent Ecevit

Fødd28. mai 1925
Istanbul
Død5. november 2006 (81 år)
Statsborgar avTyrkia
Yrkepolitikar, skribent, lyrikar, omsetjar, journalist, diplomat
Utdanna vedRobert College
SOAS
Universitetet i Ankara
MorNazlı Ecevit
FarAhmet Fahri Ecevit
EktefelleRahşan Ecevit
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
Alle verv
  • Tyrkias statsminister (1974–1974)
  • Tyrkias statsminister (1977–1977)
  • Tyrkias statsminister (1978–1979)
  • Tyrkias statsminister (1999–1999)
  • Tyrkias visestatsminister (1997–1999)
  • medlem av Tyrkias store nasjonalforsamling
  • medlem av Europarådets parlamentarikerforsamling (1958–1959)
  • Tyrkias statsminister (1999–2002) Sjå dette på Wikidata

Bülent Ecevit (fødd 28. mai 1925 i Istanbul, død 5. november 2006 i Ankara) var ein tyrkisk politikar som var statsminister i landet i fire omgangar.

Ecevit representerte opphavleg det republikanske folkepartiet, og vart første gong leiar for partiet i 1972.[1] Han vann valet i 1973, og byrja sin første periode som statsminister i januar 1974. Hans første regjering er mest kjend for den tyrkiske invasjonen av Kypros som fann stad i juli 1974.[1] Ecevit sat ved makta berre til november dette år.et

Hans neste periode som statsminister var endå kortare, frå juni til juli 1977. Så hadde Ecevit igjen regjeringsmakt frå januar til november 1978. Etter statskuppet i Tyrkia i 1980 vart han og dei andre ledande politikarane fengsla, og etter at dei slapp ut fekk dei forbod mot politisk verksemd. Hans kone Rahsan Aral skipa då et nytt politisk part, Demokratisk Venstreparti som Ecevit seinare, då han igjen kunne ha politiske verv, vart ledar for.[1]

Bülent Ecevit si siste periode som statsminister vart og hans lengste, frå januar 1999 til november 2002. I denne perioden vart den kurdiske opprørsleiaren Abdullah Öcalan arrestert, noko som auka Ecevit sin popularitet i Tyrkia.[1] I 2002 ble Ecevit etterfølgt av Recep Tayyip Erdoğan.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]