BTR-80

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
BTR-80

BTR-80 (russisk БТР-80) er eit sovjetisk pansra personellkøyretøy med åttehjulsdrift. Det vart sett i produksjon i 1984. Det vart utvikla som ein arvtakar til BTR-70 og på basis av denne, som igjen var utvikla på basis av BTR-60. BTR-80 vart seinare vidareutvikla til BTR-80A.

Historie[endre | endre wikiteksten]

BTR-80 kom i teneste med sovjethæren frå 1984. Den var utvikla på basis av den eldre BTR-70, og har mange likskapstrekk med denne. Marineinfanteriet byrja å bruka BTR-80 i staden for BTR-60PB frå 1988.

Tekniske eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Vognføraren sit framme i skroget saman med vognkommandøren. Skyttaren sit i tårnet.

Skroget er heilsveisa stål. Pansringa vernar mot 12,7 mm panserbrytande ammunisjon på 100 meters hald framanfrå, ovanfrå vernar det mot 7,62 mm panserbrytande på 100 meters hald og nedre den av skroget vernar mot 7,62 mm panserbrytande på 750 meters hald.

I tårnet, som er nesten likt det på BTR-70 og BTR-60PB, sit det ei 14,5 mm KPV mitraljøse. Som ei forbetring frå BTR-70 kan denne eleverast til +60 gradar, i motsetnad til BTR-70 sine +30 gradar. Ei 7,62 mm mitraljøse er montert koaksialt med hovudskytset.

Infanterilaget om bord kan koma seg ut via to sidemonterte luker. Desse er tvidelte, i motsetnad til BTR-70 sine heile luker, og er vesentleg større og gjev betre vern mot fiendtleg eld under utlasting.

Motoren er ein Kamaz AZ-7403 turboladar V8-dieselmotor på 260 hk, eller frå 1993 ein YaMZ-238M2 på 240 hk. Den driv ein manuell girkasse med fem gir framover og eitt bakover. Denne driv igjen ein totrinns fordelingsgirkasse.

Variantar[endre | endre wikiteksten]

BTR-80 med Cummins dieselmotor
BTR-80 M1989/1
BTR-80K Kommandovogn
BTR-80A PPK
RKhM-4-01 Oppklaringsvogn mot abc-våpen

Andre køyretøy på BTR-80-chassis[endre | endre wikiteksten]

Radiostasjon R-166-0,5 på K1Sj1-chassis.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 BPDM Тайфун / Тайфун-М, Иллюстрированная статья на militaryrussia.ru со ссылками на первоисточники.
  2. man.info/bronetehnika/bronemashiny/20518-boevaya-protivodiversionnaya-mashina-tayfun-m.html Боевая противодиверсионная машина «Тайфун-М»[daud lenkje], Рябов Кирилл. 03.09.2013 г.
  3. Противодиверсионная машина «Тайфун-М», ОАО «ТРК ВС РФ «ЗВЕЗДА» (Статья с видео и фотогалереей).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]