Wikipedia:Retningsliner for nynorsk målføring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snarvegar:
WP:Mål

Nynorsk Wikipedia er hovudsakleg skriven på nynorsk godkjend av Språkrådet, dvs. etter 2012-rettskrivinga. Utanom at språket skal vera høveleg for leksikonartiklar, finst det ingen avgrensingar innanfor den offisielle norma.

Bakom førefestet Hn/ kan ein dessutan skriva parallellartiklar på høgnorsk.

Å retta på andre si språkføring så lenge ho er konsekvent og høyrer inn under nynorsk-paraplyen fører ofte til unødig konflikt og er difor ikkje tilrådd. Noko anna er det viss du ønskjer å utvida ein artikkel som er skriven på ei anna språkform enn den du sjølv meistrar. Hovudregelen er at språkføringa bør vera lik i heile artikkelen.

Nyttige peikarar[endre wikiteksten]

  • Nynorskordboka gir opplysningar om skrivemåte og bøyingar for dei fleste aktuelle oppslagsord og er oppdatert i samsvar med ny rettskriving.